fredag 19. november 2010

Samling 3: tankekart

Vi fekk i oppgåve å diskutere fordelar og ulemper ved tankekart, både digitale og på papir.

I etterkant har eg brukt Mindomo til å bearbeide og organisere diskusjonen vår.

For å sjå tankekartet i stor og leseleg versjon kan du klikke på bilde av tankekartet eller her.

torsdag 18. november 2010

Samling 3: Personvern og opphavsrett

Øvingsoppgave 1

For tre scenario skal vi bestemme om:
a) Bileta kan publiserast
b) Kva som eventuelt må til for å kunne publisere bilda

1. Du har funne eit bilde på ei privat heimeside - av to jenter - og har lyst å bruke dette til ein illustrasjon.

a) Ja, viss du b) har fått lov frå den som har tatt bileta og dei som eig personvernretten til borna på bileta. Viss dei er under 15 år er det i følgje Antwort rettspraksis at foreldra eig denne retten.

2. Borna på bilete er dine, men nokon andre har tatt bilde.

a) Ja, viss du b) har fått tillatelse frå den som har tatt bilde. P.S. Den som tok bilde BØR ha spurt om tillatelse på førehand.

3. Bilda er av dine barn og du har tatt bilde

a) Ja. Einaste som kunne evt. hindra deg var om borna dine 15 år eller eldre. Ein kan sjølvsagt vere så omsorgsfull at ein spør borna sine sjølv om dei ikkje har juridisk høg nok alder til å uttale seg.

Øvingsoppgave 2

For tre scenario skal vi bestemme om:
a) Bileta kan publiserast
b) Kva som eventuelt må til for å kunne publisere bilda

1. Du har funne eit bilde på ei privat heimeside - av eit klatrestativ og tre born der du ikkje ser ansikta deira - og har lyst å bruke dette til ein illustrasjon.

Vi slit med å sjå forskjellen på oppgåvene. Det er rett nok vanskeleg å identifisere borna på bilda, men det er fullt mogleg. Og så lenge det er ein moglegheit bør det vere same prinsipp som førre bilde.

Øvingsoppgave 3

Vi finn eit fotografi av eit maleri på internett. Maleriet er signert av ein ukjend kunstnar - kan vi publisere det lovleg?

Svaret må i utgangspunktet vere nei. For å endre det til ja må vi først spørje om lov. Men kven skal vi spørje? Maleren. Viss han eller ho er død må vi anten spørje familie,n eller vente til 70 år etter kunstnarens død. Og så er det fotografiet då. Må vi spør fotografen? Svaret er vel ja. Og viss fotografen også svarer ja - då kan vi publisere det.

Øvingsoppgave 4

Lyd! Du finn ei lydfil på nettstaden http://www.mp3.com/free-music/

a) Kan du publisere lydfila?

Nei. Dette er åndsverk!

lørdag 13. november 2010

Korleis og i kor stor grad blir rekneark nytta i “mine” fag i skulen?

Matematikk kjem på ein sjølvsagt førsteplass. I mi personlege erfaring har det blitt mest brukt til systematisering og forenkling av tekstoppgåver, både på mellomtrinnet og på ungdomstrinnet. Det har særleg vore nyttig i oppgåver der ein skal undersøke korleis ulike variablar er med på å påverke sluttresultatet. Vidare har det i mindre grad blitt brukt til eksperimentering med talrekkjer og mønster, men dette er eit område eg trur det burde satsast meir på.

Eg ser også at det vil ha stor nytteverdi i fag der ein skal behandle statistisk materiale, det vere seg samfunnsfag eller naturfag.

Det er litt flaut å innrømme det, men til trass for at eg brukar rekneark til svært mykje sjølv, både profesjonelt – karakterstatistikk, lister, planleggingsmodellar, timeplanar etc. – og privat – personleg økonomi, julegåvelister, ferieplanlegging etc. – så har eg hittil i mi lærargjerning vore lite flink å introdusere og anbefale rekneark som arbeidsverktøy for elevane mine. Point taken!

søndag 7. november 2010

Digital lyd

Skippertak er sjeldan å føretrekke, men av og til er det einaste alternativ. Dette er ikkje første gong eg har arbeidd med digital lyd, og slik sett gjekk det greitt å kome seg gjennom øvingsoppgåvene. Audacity er eit solid verktøy, så det blir spanande å ta fatt på mappeoppgåve 3 i morgon. Det hadde vore kjekt å publisere lydfilene. Men eg må tenke litt på kva som kan vere ein føremålsteneleg måte. Film i Picasa er for tungvint...

Her er ei løysing. Eg har lasta mp3-filene opp i google-docs - nedanfor er lenkene til der du kan laste ned lydfilene









mandag 1. november 2010

Digitale bilde - tredelingsregel med meir

Øvingsoppgåva i bildeleksjonen har eit klart fokus på plassering av objekt i forhold til tredelingsregelen. Bilda under er med på å illustrere kor effektivt det er å ikkje plassere objektet i senter, men heller ta omsyn til den allereie omtala regelen. Personleg meiner eg at bilde #2 er det mest vellukka. Kvadratformatet kjennes litt trykt ut, uavhengig av objektplassering.

Bilete #1 - breiformat med objektet i senter


Bilete #2 - breiformat med objektet plassert etter tredelsregelen


Bilete #3 - kvadratisk format med objektet i senter


Bilete #4 - kvadratisk format med objektet plassert etter tredelsregelen


Vi fekk også i oppdrag å bruke andre verkemiddel for å framheve motivet. Her er mitt bidrag - eitt av bilda som vart vraka frå mappeoppgåva mi sjølv om perspektivet og kamerateknikk er brukt på ein grei måte for å framheve hovudmotivet - den største bukkane Bruse.

mandag 11. oktober 2010

Mine, dine og våre ord

Avskrift heitte det då eg gjekk i grunnskulen, og kva betre måte var det å lære salmane på enn å føre dei pent inn i finskriftboka, gjerne med sjølvkomponert illustrasjon, men like gjerne med eit febrilsk forsøk på å kopiere blomen i Norsk salmebok.

No til dags heiter det plagiat og er kanskje noko av det første elevar lærer seg i møte med den digitale skulekvardagen. Dette er rett nok berre mi personlege erfaring, men dessverre har eg ved fleire tilfelle på ulike skular observert ei tilnærming til digital kunnskap som i beste fall kan omtalast som misforstått: nettlesar på halve skjermen, tekstbehandlar på den andre halvdelen (illustrasjonen har eg laga sjølv, klikk på bilete for større versjon):



Når eleven i etterkant blir spurt om kva han eller ho har lært er det ikkje alltid denne kan svare på det. Vanskelege ord eller innfløkte tankerekkjer blir gjerne inkluderte i notat og innleveringar, men dei kjem sjeldan eller aldri forbi skjerm eller utskrift og inn under huda.

Dette er kanskje eit sidespor til debatten, men min første tanke er at elevane har eit avleggs syn på læring og kunnskap. Og dette synet har dei fått kor? Jau, i skulen. For dei skriv ikkje av kunnskap viss ikkje dei trur at det er det vi er ute etter: reproduksjon. Men då bommar dei/vi kraftig. Den følgjande vurderingspyramiden1, inspirert mellom anna av Bloom's taksonomi og utvikla ved Godøy skule seier noko om kva den moderne skuilen forventar og krev:



Å memorere er på lavaste nivå, og avskrift er i beste fall ein memoreringsstrategi. Løysinga slik eg ser det er enkel: sluttar vi å medaljere oppgulp så sluttar elevane å levere det!


torsdag 7. oktober 2010

Digitale læringsressursar

Det er sjølvsagt mykje læring i å leite og samle ressursar sjølv, men mi personlege erfaring er at det ofte er andre som gjer jobben betre enn meg sjølv. Eit døme på dette knytta direkte til digitale læringsressursar er portalen Moava: Del og lær1.

Moava er logisk oppbygd etter nivå og fag. For dei lågaste nivåa er det berre fire ulike fag representerte med både tekst og bilde, medan talet på fag aukar dess høgare ein kjem i nivå. Portalen er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål i tillegg til engelsk, med ein del lenker unike for kvart skriftspråk.

Frå og med nivå 4 er “faget” digital kompetanse tatt med. Den første nettressursen eg vel å kommentere er lenka til herifrå og heiter Nettvett-test2 (laga av Aschehoug). Testen inneheld femten spørsmål om bruk av digitale verkty generelt, og internett spesielt. Kvart spørsmål har tre alternativ og ein svarer ved å klikke på eitt av svara. Dersom ein klikkar på rett svar blir boksen grøn, dersom ein klikkar på det nest beste/verste alternativet blir boksen gul. Om ein skulle klikke på det som er feil blir boksen raud. I tillegg til denne undervegstilbakemeldinga får ein sjølvsagt resultatet etter at ein har svart på alle femten spørsmål, og då kan ein også velje om ein vil prøve ein gong til. Denne ressursen er i bunn og grunn ei fleirvalsoppgåve i behavioristis3 tradisjon, og er slik sett effektiv innanfor eit svært avgrensa læringsområde.

Ein langt meir omfattande nettressurs er Multi4 (Gyldendal Norsk Forlag AS). Faget er matematikk og oppbygginga tar utganpspunkt i bøkene for dei ulike trinna og kapitla i dei ulike bøkene. Slik sett er store deler av ressursen svært nær knytta til det elevane møter i bøkene - på godt og vondt. Fordelane av repetisjon er mange, men eg saknar tidvis ei meir utforskande tilnærming til dei ulike emna. Det skal nemnast at sidene, saman med læreverket i bokform, er i utvikling. Dei "nye" sidene har mellom anna ei tydelagere universell utforming5 i form av lyd (noko som er svært nyttig på dei første trinna). I tillegg er det utvikla eigen nettressurs som skal brukast i samband med digitale tavler som til dømes Smartboard6.

Den siste nettressursen eg hadde lyst å vise finn eg rett og slett ikkje. Eg hadde nemleg tenkt å vise GoAlGi.net - nettavis for elevar frå Godøy, Alnes og Giske. Eg har tatt kontakt med webansvarleg for ei avklaring om kvifor sidene er nede, men har førebels ikkje fått svar. Nettavis er ein flott måte å jobbe med samansett tekst på for elevar i alle aldrar, og i dette tilfelle, når journalistane er ungdomsskuleelevar, er kvaliteten på mykje av innhaldet såpass høgt at det kan nyttast i læringsarbeid for andre enn dei direkte impliserte. Samstundes er det klart at det stiller høge krav til ansvarlege pedagogar som skal rettleie og sikre at alle interesser blir tekne godt i vare.



1 http://www.moava.org [Lasta ned: 7,10.2010]
2 http://tjenester.aschehoug.no/nettvett/nettvett_test.html [Lasta ned: 7,10.2010]
3 http://nn.wikipedia.org/wiki/Behaviorisme [Lasta ned: 7,10.2010]
4 http://web2.gyldendal.no/multi/ [Lasta ned: 7,10.2010]
5 http://www.smartboard.no/ [Lasta ned: 7,10.2010]
6 http://no.wikipedia.org/wiki/Universell_utforming [Lasta ned: 7,10.2010]

fredag 17. september 2010

Øvingsoppgåve 2

Då var vi i gong med gruppeskriving. Og for å slå to fluge i ein smekk, arbeidde vi like godt med referansar i same slengen. Resultatet av samarbeidsøkta kan du lese ved å følge lenka under:

Øvingsoppgåve 2

Intervju: Stine Bjørkevoll Dragnes

Alder: 25
Frå: Vikebukta

I eit mylder av medstudentar var det vanskeleg å finne kvarandre, men då støyen la seg tok eg mot til meg og spurde ei lita gruppe med jenter:

- Er det nokon av dykk som heiter Stine?
- Ja, det er meg!

Ho er ei blid jente, allmenlærarstudenten på 4. året frå Vikebukta. Og ho treng ikkje lang tenketid før svaret kjem:

- Eg skulle eigentleg gå barnevern, men tilfeldigheiter gjorde at eg hamna over i almenlærarstudiet. Eg likar å jobbe med menneske, så valet om å bli lærar har eg ikkje angra på.

- Men kvifor DKL?
- Digital kompetanse er ei grunnleggjande ferdigheit i skulen. Eg håper å tileigne med kunnskap eg kan dra nytte av i yrkeslivet. I tillegg har eg høyrt mykje godt om studiet!

Så er det hennar tur å intervjue, og med ein pedagogs tolmod noterer ho flittig mine røverhistorier frå Amerika... Resultatet kan du lese her.

Test

Velkomen til min studieblogg for DKL 101!

Har du lyst å lage blogg sjølv? Sjå videoen under for tips: