mandag 11. oktober 2010

Mine, dine og våre ord

Avskrift heitte det då eg gjekk i grunnskulen, og kva betre måte var det å lære salmane på enn å føre dei pent inn i finskriftboka, gjerne med sjølvkomponert illustrasjon, men like gjerne med eit febrilsk forsøk på å kopiere blomen i Norsk salmebok.

No til dags heiter det plagiat og er kanskje noko av det første elevar lærer seg i møte med den digitale skulekvardagen. Dette er rett nok berre mi personlege erfaring, men dessverre har eg ved fleire tilfelle på ulike skular observert ei tilnærming til digital kunnskap som i beste fall kan omtalast som misforstått: nettlesar på halve skjermen, tekstbehandlar på den andre halvdelen (illustrasjonen har eg laga sjølv, klikk på bilete for større versjon):



Når eleven i etterkant blir spurt om kva han eller ho har lært er det ikkje alltid denne kan svare på det. Vanskelege ord eller innfløkte tankerekkjer blir gjerne inkluderte i notat og innleveringar, men dei kjem sjeldan eller aldri forbi skjerm eller utskrift og inn under huda.

Dette er kanskje eit sidespor til debatten, men min første tanke er at elevane har eit avleggs syn på læring og kunnskap. Og dette synet har dei fått kor? Jau, i skulen. For dei skriv ikkje av kunnskap viss ikkje dei trur at det er det vi er ute etter: reproduksjon. Men då bommar dei/vi kraftig. Den følgjande vurderingspyramiden1, inspirert mellom anna av Bloom's taksonomi og utvikla ved Godøy skule seier noko om kva den moderne skuilen forventar og krev:



Å memorere er på lavaste nivå, og avskrift er i beste fall ein memoreringsstrategi. Løysinga slik eg ser det er enkel: sluttar vi å medaljere oppgulp så sluttar elevane å levere det!


torsdag 7. oktober 2010

Digitale læringsressursar

Det er sjølvsagt mykje læring i å leite og samle ressursar sjølv, men mi personlege erfaring er at det ofte er andre som gjer jobben betre enn meg sjølv. Eit døme på dette knytta direkte til digitale læringsressursar er portalen Moava: Del og lær1.

Moava er logisk oppbygd etter nivå og fag. For dei lågaste nivåa er det berre fire ulike fag representerte med både tekst og bilde, medan talet på fag aukar dess høgare ein kjem i nivå. Portalen er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål i tillegg til engelsk, med ein del lenker unike for kvart skriftspråk.

Frå og med nivå 4 er “faget” digital kompetanse tatt med. Den første nettressursen eg vel å kommentere er lenka til herifrå og heiter Nettvett-test2 (laga av Aschehoug). Testen inneheld femten spørsmål om bruk av digitale verkty generelt, og internett spesielt. Kvart spørsmål har tre alternativ og ein svarer ved å klikke på eitt av svara. Dersom ein klikkar på rett svar blir boksen grøn, dersom ein klikkar på det nest beste/verste alternativet blir boksen gul. Om ein skulle klikke på det som er feil blir boksen raud. I tillegg til denne undervegstilbakemeldinga får ein sjølvsagt resultatet etter at ein har svart på alle femten spørsmål, og då kan ein også velje om ein vil prøve ein gong til. Denne ressursen er i bunn og grunn ei fleirvalsoppgåve i behavioristis3 tradisjon, og er slik sett effektiv innanfor eit svært avgrensa læringsområde.

Ein langt meir omfattande nettressurs er Multi4 (Gyldendal Norsk Forlag AS). Faget er matematikk og oppbygginga tar utganpspunkt i bøkene for dei ulike trinna og kapitla i dei ulike bøkene. Slik sett er store deler av ressursen svært nær knytta til det elevane møter i bøkene - på godt og vondt. Fordelane av repetisjon er mange, men eg saknar tidvis ei meir utforskande tilnærming til dei ulike emna. Det skal nemnast at sidene, saman med læreverket i bokform, er i utvikling. Dei "nye" sidene har mellom anna ei tydelagere universell utforming5 i form av lyd (noko som er svært nyttig på dei første trinna). I tillegg er det utvikla eigen nettressurs som skal brukast i samband med digitale tavler som til dømes Smartboard6.

Den siste nettressursen eg hadde lyst å vise finn eg rett og slett ikkje. Eg hadde nemleg tenkt å vise GoAlGi.net - nettavis for elevar frå Godøy, Alnes og Giske. Eg har tatt kontakt med webansvarleg for ei avklaring om kvifor sidene er nede, men har førebels ikkje fått svar. Nettavis er ein flott måte å jobbe med samansett tekst på for elevar i alle aldrar, og i dette tilfelle, når journalistane er ungdomsskuleelevar, er kvaliteten på mykje av innhaldet såpass høgt at det kan nyttast i læringsarbeid for andre enn dei direkte impliserte. Samstundes er det klart at det stiller høge krav til ansvarlege pedagogar som skal rettleie og sikre at alle interesser blir tekne godt i vare.



1 http://www.moava.org [Lasta ned: 7,10.2010]
2 http://tjenester.aschehoug.no/nettvett/nettvett_test.html [Lasta ned: 7,10.2010]
3 http://nn.wikipedia.org/wiki/Behaviorisme [Lasta ned: 7,10.2010]
4 http://web2.gyldendal.no/multi/ [Lasta ned: 7,10.2010]
5 http://www.smartboard.no/ [Lasta ned: 7,10.2010]
6 http://no.wikipedia.org/wiki/Universell_utforming [Lasta ned: 7,10.2010]