torsdag 21. april 2011

Snurr film!

Inga oppgåve er for stor for den som har nok pågangsmot. Det illustrerer bilde over på ein god måte, og inspirasjonen som ekornet gir kjem godt med i dette blogginnlegget.

Video er utfordrande. Det er svært mange prosessar som kjem både før, under og etter sjølve innspelinga av film, eller råmateriale om ein vil. Nokre av desse prosessane blir vi utfordra til å gjennomføre i Videoproduksjon leksjon 1, medan sluttføringa av prosjektet er omhandla i leksjon 2. I dette innlegget vil eg:
  1. Utarbeide ein grunnide til ein film på ca. 3 min ved hjelp av ein ideskapingsteknikk
  2. Utarbeide grunnideen til eit manus, for så å sette opp manuset på korrekt vis
  3. Utarbeide eit storyboard på grunnlag av manuset der eg nyttar ulike typar utsnitt, både totalbilete og nærbilete
  4. Utarbeide ein mogleg opptaksplan for storyboardet
1. Ideskapingsteknikk

Det fins ulike måtar å få kreativiteten i sving på. To av desse er omhandla i leksjon 1: slumpordteknikken og byggje vidare på eit anna produkt. Eg har valgt å nytte slumpordteknikken, nærmare bestemt Creativity Tools - Random Word Generator (Plus). Eg vel tre tilfeldige ord, oversett til norsk og lar fantasien ta over: flaw, vacation, newspaper - feil/mangel, ferie, avis.

Umiddelbart blir eg dradd til mitt eige liv og DKL-studiet. Denne ferien (påske) er "flawed" - den har klare manglar og feil - mellom anna fordi eg sit og vurderer aviser med tanke på blogginnlegg. Og då har eg ideen. Eg tar utgangspunkt i at hovudpersonen (HP) ser på kalenderen og gler seg til ferie, gjerne påske. Han drøymer om hytte og ski. Så dukker det ein huskelapp opp på skjermen: arbeidskravet blogg har frist like over påske! Krise! HP riv seg i håret, vandrar kvilelaust rundt i rommet. Så tar han seg saman, leitar fram pensumbøker og sett i gong med arbeidet. Vips - x antal timar seinare er han ferdig og kan finne fram skia likevel.

Håplaus ide? Absolutt. Tid eller evner til å finne på noko betre? Neppe...

2. Manus

Ndg. manus så har eg lasta ned og prøvd Celtx - i samband med videosamlinga - men eg føler at det er mykje jobb å sette seg inn i eit slikt program for så korte prosjekt som vi har i DKL, og dermed i skulen. Eit anna aspekt er samskrivinga i Google dokument som vi har blitt "avhengig" av, og som kan vere til stor hjelp også i manusproduksjon i grupper. Så i dette tilfellet lagar eg manuset i Word, lagrar det som pdf og publiserer det opent i Google dokument. Deretter kjem lenka til det ferdige manuset her.

3. Storyboard

Eg har nytta vedlegg til leksjon 1 - ein mal frå MID115. Teikningane er gjort for hand, deretter er dokumenta skanna til pdf og lasta opp til Google dokument. Storyboard finn du her. Det trente auge - eller kven som helst som er nok interessert til å faktisk lese vidare - vil sjå at storyboardet ikkje er ferdig. Men to sider med teikningar får halde som illustrasjon.

4. Opptaksplan

To ting som ikkje bør overraske. For det første kan du sjå opptaksplanen ved å klikke her - pdf lasta opp i Google dokument. For det andre er ikkje opptaksplanen heilt ferdig. Dvs. den er fylt ut etter beste evne, men realismen i prosjektet er dalande.


Produkt

Den som har følgd med i timen skjønnar for lengst at det ikkje blir nokon Holiday Delay starring Aksel Hennie. Det tyder derimot ikkje at underteikna ikkje skal publisere video. På vår videosamling kom medstudent Kim-Daniel Vattøy mykje betre budd enn dei fleste andre. Så når vi hadde avslutta opptak for dagen foreslo han at vi kunne filme manuset han hadde utarbeidd. Eg er ikkje den som seier oftast "nei" og vips var eg Kamomille(?) i eit drama. Råopptaka delte Kim-Daniel med meg og resten av gruppe 2 i Dropbox-foldaren vår. Desse råopptaka er det eg har nytta når eg har redigert videosnutten under ved hjep av VideoPad. Musikken er henta frå ccMixter.org: "Rodeos of North Hollywood" av HEJ31.




For å sjå Kim-Daniel sin versjon av filmen kan du klikke her.

tirsdag 19. april 2011

Lydproduksjon - tilbakeblikk

Det er sjeldan lurt å gå imot direkte anmodningar frå førelesarar og/eller leksjonar. Når eg likevel nyttar påska til å jobbe fram bloggen som arbeidskrav, har eg forhåpentlegvis "retten" på mi side, sjølv om eg er fullstendig klar over at utbytte hadde vore større om eg hadde blogga undervegs. Det sagt - eg har jobba ein god del heile semesteret, men mappeoppgåver og arbeidskrav i både 102 og 104 har fått høgste prioritet, særleg gruppeoppgåver.

Alt dette skriv eg for å gje ei forklaring på kvifor lydproduksjon blir omhandla i retrospekt. Nokre av verktøya har eg vore innom gjennom arbeidskrava, andre verktøy har eg nytta i undervisning medan nokre få har eg ikkje leika med før no.

Korleis ein nyttar lyd i læringsarbeid er ei utfordring som står på dagsorden i min praksiskvardag. Eg har mellom anna ansvar for tilrettelegging og spesialundervisning, og det er ofte nødvendig å tenkje alternativt. Dømet eg vel å ta fram er henta frå ei tid tilbake då eg hadde ansvar for elevar på barnetrinnet ein annan stad i landet (enn der eg jobbar no). Ein av elevane hadde store utfordringar ndg leksearbeid. Eleven var ein svak lesar, og var difor avhengig av mor heime. Skulen si læringsplattform (LMS) var It's learning, så eg nytta difor opptaksverktøy i LMS til å lage lydfiler for denne eleven. I staden for å lese, fekk han lytte og lese. I staden for å spørje mor kva som stod på lekseplanen fekk eleven lydfiler som forklarte oppgåvene. Dette resulterte for det første i at eleven opplevde sjølvstende i samband med heimearbeid. For det andre vart fagstoffet tilgjengeleg til trass for problem med lesing.

Eg tar med eksempelet i førre avsnitt for å illustrere at det ikkje er verktøya det kjem an på. Innebygde innspelingsfunksjonar i læringsplattformer kan fungere like bra, for ikkje seie betre, enn t.d. Audacity. Samstundes skal det også seiast at til trass for at skulen hadde brukt plattforma i lang tid, og til trass for at det var andre elevar ved skulen med liknande utfordringar, var det ikkje andre som brukte lyd på same måte som underteikna. Klapp på eiga skulder? Ja, for såvidt, men refleksjonen er denne (og den er forsterka etter å ha lest leksjonar og pensumlitteratur): det er ikkje nok med verken teknologi, verktøyvirtuositet eller didaktisk nytenking. Berre i eit fruktbart samspel vil alle desse faktorane bidra til meirverdi i læringsarbeidet. Og det gjeld sjølvsagt ikkje berre lyd.

Lyd - verktøy

Men no er det lyd det handlar om. Det allereie nemnde Audacity er eit program vi vart kjende med i DKL101, omhandla med døme i dette blogginnlegget. Kort sagt fungerer Audacity både som innspeling- og redigeringsverktøy, og har dei fleste funksjonar som vil vere aktuelle for bruk i skulesamanheng. Brukargrensesnittet er funksjonelt, og terskelen for å kome i gong med å bruke programmet er lav. Ei av utfordringane eg har hatt når eg har nytta programmet med elevar er eksportering til mp3-format. Dette krev ei ekstra fil - lame_enc.dll - noko som har ført til litt krøll for ein del elevar.


Det har blitt mange Skype-møte i løpet av våren, både i DKL104, og i DKL102 der vi nytta arbeidsverktøyet for å arbeide fram gruppeoppgåva M2. I arbeidskrav 1 - lyd - var Skype sentralt både i planlegging og utføring. Vi gjorde mellom anna opptak til podkasten i Skype ved hjelp av Pamela recorder, men i denne prosessen var det ikkje underteikna som gjorde opptaka. For å høyre resultatet, ArbKrav1 (lyd) kan du klikke her. For dei som er interessert i ein leksikondefinisjon er Skype kort fortalt eit "system for telefoni over Internett (jfr. IP-telefoni) med en egen proprietær protokoll" (SNL). I lydleksjonen blir det i tillegg omtala både som eit IM (Instant Messaging)-program, og som sosial programvare.


Eg har sjølvsagt laga min eigen radiokanal ved hjelp av det omtala podbean. Fokuset har vore å vise verktøysmeistring, og eg har enno ikkje tatt det i bruk i lærargjerninga. For å vise at kanalen - dybh: podkasting som overleving : dkl 104 - har ein levande RSS-feed kan du gå til min offentlege RSS-lesar i Netvibes. Det kan vere verdt å merke seg at eit av "radioprogramma" omhandlar nettopp Pamela recorder!



Eit anna verktøy som ikkje er direkte knytt til lyd, men som har vore ein suksessfaktor i mykje av arbeidet denne våren, er Dropbox. Ein artikkel i wikipedia gir meir bakgrunnskunnskap og informasjon om tenesten, men kort sagt er dette fildeling på nett. Vi - gruppe 2, DKL104 - har oppretta og delt mappestrukturar og filer i Dropbox for å lette arbeidet med redigering og produksjon av t.d. podkast. Lagringsgrensa på 2 GB vart først ei utfordring i samband med videoproduksjon, men elles har denne tenesten fungert strålande for våre behov.


Kjelder

DKL104 Lydproduksjon 1- Kjell Antvort / Torbjørn Frantsen /Dace D. Ose - HVO våren 2011





Bilder



mandag 18. april 2011

All about the what?

http://www.allaboutexplorers.com/ er eit godt gjennomført konsept retta mot alle som brukar verdsveven til informasjoninnhenting. Kort fortalt innheld nettstaden mellom anna informasjon om oppdagarar. Noko av informasjonen er korrekt, det meste er sannsynleg, men mykje er direkte, og med overlegg, feil. Kvifor? Jau, for å vise elevane at det ikkje er alt på nettet som er sant!


Medietilsynet har eit opplegg kring denne nettstaden som det kan vere greitt å støtte seg til: http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/Larere/Ovelse/. Men sjølv om eg hentar inspirasjon derifrå så vel eg mi eiga vinkling. Eg trur nemleg at om dette skal nå heilt inn hjå elevane, så bør det skje på eit naturleg tidspunkt. Med det meiner eg at dersom emnet i samfunnsfag er kjende oppdagarar, eller kanskje til og med oppdaginga av Amerika, så er dette eit naturleg høve til å nytte nettstaden. Det blir viktig, som Medietilsynet påpeikar, å gje spesifikke oppgåver, og å oppgje allaboutexplorers som kjelde. Vidare blir det lettare å poengtere evt. feil dersom ein har kort frist på oppgåva og dersom det er ein form for framføring eller utveksling av informasjon mellom elevane. Kanskje er det nokon som skjønar teikninga?

mandag 11. april 2011

Informasjonsnav i skulen

Det er noko som plagar meg i samband med dette emnet, men eg klarar ikkje heilt å setje fingeren på det. Eg er ikkje den flittigaste eller grundigaste studenten i DKL102, heller ikkje den mest oppegåande. Det sagt har eg lest alle leksjonane og kome meg gjennom det meste av relevante utdrag frå pensumlitteraturen mtp RSS. Kva er så problemet? Jau, eg finn altfor få døme på bruk av RSS i læringssamanheng! Misforstå meg rett: eg har nærmast forelska meg i sjølve konseptet. Å opprette sitt personlege nav (må ikkje forvekslast med NAV) er til stor hjelp, både privat, som student og som lærar. Men å lage informasjonsnav til elevar? Straks verre! Og lettare blir det ikkje av at døma glimrar med sitt fråver i pensumlitteraturen. (Lesing av svenske og danske aviser i Norskboka.no blir for smalt)

Så klarte eg å setje fingeren på det likevel.

Eg har laga eit informasjonsnav i samband med M3 der eg får vist ein del av funksjonane i Netvibes. I min eigen kvardag som lærar har eg oppretta eit anna ope informasjonsnav, opprinneleg for å hjelpe elevar på 8.trinn å repetere til naturfagprøve. Ved hjelp av småprogrammet Web notes så er det oppretta klikkbare stikkord. Ved å klikke på stikkordet opnar definisjonen seg. Definisjonen er stort sett henta frå læreverket, men det er elevane som har henta ut informasjonen og så har underteikna kvalitetssikra både innhald og rettskriving før publisering.



Kjelder

Harboe, L. (2010). Norsboka.no - Digitale verktøy i norskfaget. Universitetsforlaget

torsdag 10. mars 2011

Informasjonskompetanse: Hole in the wall


Sjølv om øvingsoppgåva fokuserer på den praktiske øvinga omtrent fire minutt og tretti sekund ut i denne videoen vil eg anbefale alle med litt tid til overs å sjå heile klippet. Eg har ikkje følgt opp ved å undersøke om det er gjort meir empiriske studier enn det som intervjuobjektet - prof. Sugata Mitra - refererer til, men dei funna han har gjort er svært interessante.


For det første har han laga sokalla "Hole in the wall"-datamaskiner for fattige born i India (sjå illustrasjonen over, henta frå videoen). Her konkluderte han med at fattige born lærte seg å bruke datamaskin utan at det var vaksne eller andre til å rettleie. Litt av bakgrunnen til prosjektet var at Mitra forsøker å finne ei løysing på fleire utfordringar innan utdanning, mellom anna korleis ein kan undervise born i område der det ikkje er tilgong til lærarar.

Som sagt: videoen inneheld ein viktig sekvens for dette emnet, frå ein barneskule i Newcastle der elevane blir delt inn i grupper på fire og får ei utfordring frå læraren. Ei svært stor utfordring, må ein seie: "where does language come from?" Elevane har datamaskin med tilgong til verdsveven, kvarandre, skrivesaker og litt tid på seg før dei skal presentere for resten kva dei har kome fram til. Oppgåva utfordrar fleire delar av informasjonskompetansen til elevane, både når det gjeld å lokalisere, vurdere og anvende informasjon.

Det er min påstand at også læraren blir svært utfordra i denne situasjonen, fordi ein neppe kan seie at det fins eit fasitsvar på oppgåva, eller at alle forskarar/forskingsmiljø er einige om problemstillinga, kvar språket kjem frå. Potenstialet for læring er enormt, men for meg er dette ein svært uoversikteleg situasjon med tanke på kva sider av informasjonskompetansen ein skal øve på. Sagt på ein annan måte krev slike oppgåver at informasjonsinnhentarane har erfaring med slik tenking på førehand og/eller at det er nokon som følgjer dei tett i heile prosessen. "Hole in the wall"-datamaskinene viste kanskje at datateknisk kompetanse kan utviklast uavhengig av rettleiar, men eg tviler sterkt på at unge elevar vil utvikle kritisk sans på eiga hand.



Kjelder