tirsdag 19. april 2011

Lydproduksjon - tilbakeblikk

Det er sjeldan lurt å gå imot direkte anmodningar frå førelesarar og/eller leksjonar. Når eg likevel nyttar påska til å jobbe fram bloggen som arbeidskrav, har eg forhåpentlegvis "retten" på mi side, sjølv om eg er fullstendig klar over at utbytte hadde vore større om eg hadde blogga undervegs. Det sagt - eg har jobba ein god del heile semesteret, men mappeoppgåver og arbeidskrav i både 102 og 104 har fått høgste prioritet, særleg gruppeoppgåver.

Alt dette skriv eg for å gje ei forklaring på kvifor lydproduksjon blir omhandla i retrospekt. Nokre av verktøya har eg vore innom gjennom arbeidskrava, andre verktøy har eg nytta i undervisning medan nokre få har eg ikkje leika med før no.

Korleis ein nyttar lyd i læringsarbeid er ei utfordring som står på dagsorden i min praksiskvardag. Eg har mellom anna ansvar for tilrettelegging og spesialundervisning, og det er ofte nødvendig å tenkje alternativt. Dømet eg vel å ta fram er henta frå ei tid tilbake då eg hadde ansvar for elevar på barnetrinnet ein annan stad i landet (enn der eg jobbar no). Ein av elevane hadde store utfordringar ndg leksearbeid. Eleven var ein svak lesar, og var difor avhengig av mor heime. Skulen si læringsplattform (LMS) var It's learning, så eg nytta difor opptaksverktøy i LMS til å lage lydfiler for denne eleven. I staden for å lese, fekk han lytte og lese. I staden for å spørje mor kva som stod på lekseplanen fekk eleven lydfiler som forklarte oppgåvene. Dette resulterte for det første i at eleven opplevde sjølvstende i samband med heimearbeid. For det andre vart fagstoffet tilgjengeleg til trass for problem med lesing.

Eg tar med eksempelet i førre avsnitt for å illustrere at det ikkje er verktøya det kjem an på. Innebygde innspelingsfunksjonar i læringsplattformer kan fungere like bra, for ikkje seie betre, enn t.d. Audacity. Samstundes skal det også seiast at til trass for at skulen hadde brukt plattforma i lang tid, og til trass for at det var andre elevar ved skulen med liknande utfordringar, var det ikkje andre som brukte lyd på same måte som underteikna. Klapp på eiga skulder? Ja, for såvidt, men refleksjonen er denne (og den er forsterka etter å ha lest leksjonar og pensumlitteratur): det er ikkje nok med verken teknologi, verktøyvirtuositet eller didaktisk nytenking. Berre i eit fruktbart samspel vil alle desse faktorane bidra til meirverdi i læringsarbeidet. Og det gjeld sjølvsagt ikkje berre lyd.

Lyd - verktøy

Men no er det lyd det handlar om. Det allereie nemnde Audacity er eit program vi vart kjende med i DKL101, omhandla med døme i dette blogginnlegget. Kort sagt fungerer Audacity både som innspeling- og redigeringsverktøy, og har dei fleste funksjonar som vil vere aktuelle for bruk i skulesamanheng. Brukargrensesnittet er funksjonelt, og terskelen for å kome i gong med å bruke programmet er lav. Ei av utfordringane eg har hatt når eg har nytta programmet med elevar er eksportering til mp3-format. Dette krev ei ekstra fil - lame_enc.dll - noko som har ført til litt krøll for ein del elevar.


Det har blitt mange Skype-møte i løpet av våren, både i DKL104, og i DKL102 der vi nytta arbeidsverktøyet for å arbeide fram gruppeoppgåva M2. I arbeidskrav 1 - lyd - var Skype sentralt både i planlegging og utføring. Vi gjorde mellom anna opptak til podkasten i Skype ved hjelp av Pamela recorder, men i denne prosessen var det ikkje underteikna som gjorde opptaka. For å høyre resultatet, ArbKrav1 (lyd) kan du klikke her. For dei som er interessert i ein leksikondefinisjon er Skype kort fortalt eit "system for telefoni over Internett (jfr. IP-telefoni) med en egen proprietær protokoll" (SNL). I lydleksjonen blir det i tillegg omtala både som eit IM (Instant Messaging)-program, og som sosial programvare.


Eg har sjølvsagt laga min eigen radiokanal ved hjelp av det omtala podbean. Fokuset har vore å vise verktøysmeistring, og eg har enno ikkje tatt det i bruk i lærargjerninga. For å vise at kanalen - dybh: podkasting som overleving : dkl 104 - har ein levande RSS-feed kan du gå til min offentlege RSS-lesar i Netvibes. Det kan vere verdt å merke seg at eit av "radioprogramma" omhandlar nettopp Pamela recorder!



Eit anna verktøy som ikkje er direkte knytt til lyd, men som har vore ein suksessfaktor i mykje av arbeidet denne våren, er Dropbox. Ein artikkel i wikipedia gir meir bakgrunnskunnskap og informasjon om tenesten, men kort sagt er dette fildeling på nett. Vi - gruppe 2, DKL104 - har oppretta og delt mappestrukturar og filer i Dropbox for å lette arbeidet med redigering og produksjon av t.d. podkast. Lagringsgrensa på 2 GB vart først ei utfordring i samband med videoproduksjon, men elles har denne tenesten fungert strålande for våre behov.


Kjelder

DKL104 Lydproduksjon 1- Kjell Antvort / Torbjørn Frantsen /Dace D. Ose - HVO våren 2011





Bilder



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar