Tenkeverktøy, og då i form av digitale tankekart, er noko eg gjerne kunne tenkt meg å bruke aktivt i eigen undervisningspraksis. Eg gjorde eit litt halvhjerta forsøk i fjor haust på å bruke Mindomo i samband med repetisjon til ei prøve i RLE, men eg vart litt "satt ut" av at gratisversjonen ikkje byr på meir enn seks tankekart før kontoen er full. Då kan ein sjølvsagt slette dei gamle, men litt av poenget forsvinn.Det sagt, sjølve programmet eignar seg, som nettleksjonen dokumenterer, godt til mange bruksområde. Eg har difor gjort eit forsøk på å invitere gruppe 11 til å tenke høgt kring mappeoppgåve 1. Så blir det spanande å sjå kor vidt det blir ein suksess. Bildet til dette blogginlegget er for øvrig eksportert frå Mindomo til lokal datamaskin og lagra i gif-format. Deretter er det lasta opp til Blogger. For å følgje den reelle utviklinga kan du nytte lenka under:
http://www.mindomo.com/view.htm?m=57ac1e8787574a719555b15ab0907c19
http://www.mindomo.com/view.htm?m=57ac1e8787574a719555b15ab0907c19
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar