mandag 28. februar 2011

Google nettsteder


Min første tanke då vi vart introdusert for Google nettsteder var: kvifor brukar vi ikkje denne løysinga i staden for blogg? Utan å spørje førelesarar, medstudentar og heldigvis utan å måtte tenkje for lenge sjølv kom argumenta rekande på fjøl etter fjøl. Meir om det avslutningsvis.

For kva ER Google nettsted? Kort sagt er dette ein måte å lage heimesider på! PCMag.com gir ei grei oversikt, om du er interessert, les meir ved å klikke her. Eg har tidlegare laga personlege heimesider ved hjelp av enkel html-kode, og laga vel ei av dei første sidene ved hjelp av Angelfire for over ti år sidan. I jobbsamanheng har eg brukt ein del ulike løysingar, mellom anna Godøy skule sine nettsider, utvikla lokalt av mellom anna Stian Godø.

I samband med M2 var det medstudent Simon Gjøen som stod for mesteparten av utviklingsarbeidet av ei side oppretta for eit scenario som omhandla lokale bedrifter. Denne sida eksemplifiserar korleis ein nettstad kan utviklast for både å inspirere, fasilitere og dokumentere læringsarbeid.

For å vise at eg meistrer det reint tekniske på eiga hand har eg oppretta ein Google nettstad for dette blogginnlegget. Denne kan du sjå ved å klikke her.


Kjelder




PCMag.com (2008). Google sites. Tilgjengeleg frå: http://www.pcmag.com/article2/0,2817,2317332,00.asp [Lasta ned 18.04.11.]

fredag 25. februar 2011

In the News


I den første leksjonen om avisproduksjon er det mellom anna fokus på ulike sjangrar. To av desse er nyheitsartikkelen og feature.

Nyheitsartikkel
  • omvendt pyramide: viktigaste først, mindre viktig til slutt
  • kort overskrift
  • ingress - kort oppsummering av saka - skal svare nokre av dei sju hjelpespørsmåla:
    • kven
    • kva
    • kor
    • korleis
    • kvifor
    • når
    • med kva konsekvens
  • objektivitet er eit ideal
  • bilde i nyheitsartikkel:
    • bør gi svar på nokre av hjelpespørsmåla ovanfor
Eg har funne ein nyheitsartikkel som i stor grad eksemplifiserer sjangertrekka over. Artikkelen er publisert av VG-nett 18. februar og omhandlar kokainsmuglarsaka frå Bolivia som involverer tre unge, norske kvinner. For å lese artikkelen kan du klikke her.

Feature
  • ...tyder preg eller særmerkje
  • fri sjanger
  • kan underhalde eller vere sakleg og nøktern
  • grensene mellom ulike featuresjangrar er flytande:
    • featurereportasje
    • portrettintervju
    • temaartikkel
  • featurebilde bør ikkje fortelje det same som teksten: kreativ tilnærming!
Det skortar ikkje på humor i denne featuren henta frå BT om "Trynene på byen."


Nett vs. papir

Det er enkelt å seie "ja, takk - begge deler," men sjølv om dette på mange måtar er ei i overkant diplomatisk tilnærming til problemstillinga, er det like fullt eit gjennomtenkt og rasjonelt svar. For det første fordi begge variantar har sine unike styrker og svakheiter, for det andre fordi om ein tenkjer skuleavis og elevproduksjon vil ein kombinasjon av medier gje størst verdi i arbeidet med sjangeren avis.

Papiravisa er handfast, til å ta på, vri og vende og brette og tilpasse. Dette skal ikkje undervurderast i lesesamanheng. Ein kan argumentere for at liknande tilpassingar kan gjerast på skjerm, og med utviklinga av lesebrett og anna teknologi er vi langt på veg, men eg vil likevel hevde at papir framleis vinn tilpassingskrona, reint fysisk. Å navigere i ei papiravis er også enklare, mykje fordi det nettopp er ein fysisk prosess. For nokre menneskjer gir det kronologiske aspektet, det at gårsdagens avis kjem før dagens osb. ei støtte i leseopplevinga og prosesseringa av informasjon.

Ser vi på nettavisa må ein kanskje først av alt ta omsyn til at dette er eit konvergensprodukt (Dace, 2011). Kort fortalt: forskjellige medier har smelta saman i eitt medium. Nettavisa inneheld tekst, bilde, animasjonar, video og lyd, og for å konkurrere om lesaren/nettbrukaren si merksemd er nettavisa avhengig av å kombinere alle desse elementa. Vidare må både produsentar og konsumentar av nettaviser ta omsyn til kontinuerleg deadline - oppdateringar skjer etter kvart som nyheiter "tikkar inn." Sakene blir då først presentert som ei kort nyheitsmelding, og bygd ut etter kvart som fleire opplysningar kjem inn og/eller journalistane får tid til å arbeide med stoffet.

I DKL 104 har vi som gruppe produsert ei nettavis. I arbeidet med å lage digitalkvardag fekk vi mellom anna innsikt i korleis det er å vere på elevsida av ein slik produksjon. Eg trur at skal ein bruke nettavis som sjanger i skulen bør dette vere eit verktøy som takast i bruk over tid og som får utvikle seg i takt med elevane. Kortsiktige prosjekt vil skape meir frustrasjon enn glede, og i tillegg miste mange av dei mediespesifikke implikasjonane av denne tilnærminga.


Kjelder

DKL104 Avisproduksjon 1- Dace D. Ose- HVO våren 2011

DKL104 Avisproduksjon 2- Dace D. Ose- HVO våren 2011


Bilder

torsdag 24. februar 2011

Ungdom og media

Det er kanskje lettvint å gå rett til forfattaren sine konklusjonar kring ungdom sin bruk av medier og teknologi, men for å støtte seg til eit kjent utsegn frå medieverda, nærmare bestemt reklamen: "det enkle er ofte det beste." Og kanskje er det litt slik forfattaren har tenkt når ho nyttar tre punkt for å oppsummere:

1. Affekt

Den kjenslemessige komponenten i omgangen med medier og teknologi skal ikkje undervurderast. I følgje forfattaren handlar ikkje dette berre om å flykte frå virkeligheita, men snarare å oppsøke og leve ut større kjensler i oppskalerte "virkeligheiter."

2. Estetikk

Intensiteten og omfanget av sanselege opplevingar knytt til teknologi og medier er overveldande: lys, farger, former, rørsler, rytme og lyd. Forfattaren hevdar sogar at "sanselighet og affekt [blir] knyttet sammen som en fysisk erfaring hos mottakerne" (Tønnesen, 2007, s. 63).

3. Sosial handling og deltaking

Undersøkingar tyder på at unge vel mediefavorittar som gir sosial presitisje i deira lokale ungdomsmiljø. Vidare tyder mykje på at dess meir som blir investert kjenslemessig, dess sterkare blir fellesskapet mellom dei som deler medieopplevingane. Når dette koplast til virtuelle fellesskap på nett står vi kanskje ovanfor den første ungdomsrevolusjonen sidan rock'n roll på 50-talet. Det siste er mine ord, men ein ting er sikkert: samansmeltinga av lokal og global ungdomskultur gjennom bruk av teknologi vil få konsekvensar for alle.


Kjelder

Tønnese, E.S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge. Universitetsforlaget

Foto: Vachon, John,, 1914-1975,, photographer. Rural school girl, San Augustine County, Texas. Rights Info: No known restrictions on publication. Repository: Library of Congress, Prints and Photographs Division, Washington, D.C. 20540 USA,hdl.loc.gov/loc.pnp/pp.print

søndag 20. februar 2011

Digitale verktøy og tilpassa opplæring

Korleis kan IKT vere ein ressurs i tilpassa opplæring? Moglegheitene er nærmast uendelege, fallgruvene like mange. Mi erfaring er at det som avgjer kor vidt ein lukkast (med bruk av IKT) i tilpassa opplæring er læringssyn eller elevsyn, relasjon mellom lærar og elev (føresette) og klasseleiing. Desse elementa dannar nødvendigvis bakteppe for korleis ein tilnærmar seg digitale verktøy i skulekvardagen. Behaviorisme vs. konstruktivisme, sosiokulturelt perspektiv vs. kognitivt perspektiv osv. Det er sjeldan ein snakkar om anten eller, men kor ein ligg i spenningsfeltet mellom desse perspektiva har mykje å seie for kva slags digitale verktøy som blir tatt i bruk. Er det tryggast å bruke programvare som gir rask tilbakemelding på rett eller galt eller vågar vi å kople elevane saman, anten med kvarandre eller med utvalde delar av den store verda? Og om vi vågar å ta spranget, maktar vi å leie elevane på ein måte som gjer at dei ikkje blir pakka inn i vatt, men heller ikkje brent?

Kva fungerer (nærmast) alltid i min kvardag? Bruk av LMS til oppretting av digitale mapper gir mange moglegheiter, mellom anna noko så enkelt som at ingen kan miste kladdeboka si i norsk. Utfordringane blir å organisere all informasjonen på ein føremålstenleg måte, slik at den digitale mappa blir eit læringsverktøy i seg sjølv i form av repetisjon og refleksjon over eiga utvikling.

Samansette tekster

Som lærar på ungdomstrinnet står eg midt i dei problemstillingane som blir tatt opp i denne leksjonen dagleg. Når skal ein bruke digitale verktøy, kva læringsmål blir dekt opp? Kanskje tilsvarande viktig: på kva måte kan ein utnytte arbeidet med i utgangspunktet "isolerte" verktøy til å auke elevane sitt medvit rundt digitalt arbeid generelt, og på den måten påverke deira digitale danning?

Eitt element er dette med registrering, deling, publisering, poeng (xp) osv. Kva meiner eg med det? Ta til dømes http://www.xtranormal.com/. Utvilsamt spanande og gøy, og med stort potensiale til å dekke læringsmål, særleg i engelsk fordjuping. Men: korleis skal ein ta omsyn til poengjaget det blir lagt opp til? Skal ein tillate kopling til facebook eller andre sosiale medier? Skal ein tillate popularitetskonkurransar? Og viss svaret er nei, korleis løyser ein dette reint praktisk? Eg har i min praksis brukt eit linande verktøy - Go!Animate. Vel verd å sjekke ut. Mange av dei same moglegheitene og utfordringane, men kanskje meir brukarvenleg for yngre elevar?

Til slutt må eg få lov å takke DKL-seksjonen for svært nyttige innspel og inspirasjon inn mot komposisjonsdelen av musikkfaget. Eg har fagansvar i nettopp musikk og har leita etter gode måtar å dekke opp læringsmål i (digital) komposisjon. Eg trur ACID blir i tøffaste laget for yngre elevar, også dei fleste 8. klassingar, men Myna er verkeleg spanande! Justering av årsplan i musikk er aldri for seint?

tirsdag 15. februar 2011

(web)Design

I leksjonen om design var det mykje å ta tak i. Form og farge har aldri vore mine sterkaste sider, men til trass for at dette er viktige aspekt ved webdesign er det andre, viktige kriterier som dannar bakteppe for dette innlegget. Eg har vurdert 3 nettstadar med tanke på følgjande 3 kriterier:

1) Struktur (brødsmular)
Dette er korleis nettstaden er bygd opp, og kor vidt navigering er støtta av "brødsmular" som gjer at du veit kor du er i nettstaden til ei kvar tid.

2) Skrifttype
Er følgjande "reglar" for leselegheit følgde:
  1. Bruk store typar
  2. Unngå skygger i tekst
  3. 1 - 2 skrifttypar
  4. Unngå heile ord i versalar
  5. Unngå overskrifter med berre store bokstavar
3) Bruk av lenkjer
Er det lenkjer inne i teksten, eller er det lagt inn lenkjer etter sjølve teksten?



1) Hovudnavigasjonen på denne sida ligg i ein sentrert meny som er ein del av sidelogoen. Det fins ingen brødsmular som fortel kva for ein del av sidene du er inne på, og det virkar litt tilfeldig kva for nokre lenker som er "eksterne" - opnast i ny fane eller vindu - og kva for nokre som er lenker til sider i sjølve heimesidestrukturen.

2) Det er umogleg å ikkje henge seg opp i at overskrifta er ein orddelingsfeil: Kortfilm festival. Og det går faktisk nedover frå der og ut. Det er brukt svært mange teksttypar og fleire av typane er små og vanskeleg å lese.

3) Det fins ingen klikkbare lenker inne i teksten. Dessverre kan du heller ikkje merke noko av teksten og få den opplest ved hjelp av talesyntese. Alt er i flash!

Konklusjon: grusom! Denne heimesida er heldigvis forlatt for lenge sidan...



1) Navigeringsstrukturen er bygd opp etter eit prinsipp der menyen ligg sentrert og midt eller høgt på sida. Lenker til ulike sider er i form av bilder som blir lysare ved at musepeikaren går over dei. Det fins brødsmular i form av sideoverskrifter, noko som fungerar godt sidan sjølve sidestrukturen er enkel, og det er også ein ekstra navigeringsmeny heilt nede på sidene som også kan sjåast på som ein slags brødsmule. Problemet er at du må heilt ned på sida for å sjå den!

2) Når det gjeld skrifttypar, storleik osv. så er det gjort forsøk på å ta omsyn for web-bruk, men dei kjem ikkje heilt i mål. Fonten Georgia er nytta som brødtekst, men den er svært liten, og det er utstrakt bruk av lange avsnitt og litt pusterom for lesaren. I tillegg syndast det ein del mot tommelfingerregelen om å unngå å bruke berre store bokstavar i overskrifter.

3) Det er svært lite bruk av lenkjer på denne nettstaden.

Konklusjon: informative sider med ok navigering. Mykje tekst på små flater og litt for utstrakt bruk av bilder som lenkjer.

Før eg går i gong med å vurdere nettstaden må eg seie noko om kva Building er, nemleg: "... the UK’s best-read, most established magazine in the construction industry.

1) Navigeringa er upåklageleg for ein nettstad som trass alt famnar om så mykje informasjon. Navigasjonsbanneren på toppen av sida gir deg informasjon om kvar du kan gå, og like under finn du brødsmulane som gjer at du skjøner kor du har hamna.

2) Bruken av skrifttypar ser ut til å vere godt gjennomtenkt. Det er mykje store typar og mykje luft i teksten. Eit lite minus er det at navigasjonsmenyen er i utelukkande store bokstavar.

3) Det er liten grad av lenker i sjølve teksten og noko bruk av lenkjer etter avsnitt.

Konklusjon: solid nettstad med tanke på design og utforming, særleg med tanke på målgruppa. Dette er kanskje ikkje dei mest spanande nettsidene ein kan finne på nett, men det er enorme mengder informsjon samla på ein effektiv og føremålsteneleg måte.


Kjelder

torsdag 10. februar 2011

Mediedanning og mediepedagogikk


Eg har klare forventningar om at DKL104 skal gje praktisk kompetanse i spesifikk medieproduksjon: lyd, avis og video. Like fullt er eg smerteleg klar over at den praktiske kompetansen har liten verdi i lærargjerninga dersom dei mediedidaktiske aspekta ved dei ulike produksjonane ikkje blir ivaretatt. Slik sett dannar dei to første kapitla av Mediedanning og mediepedagogikk: Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft (Vettenranta red.) eit solid teoretisk grunnlag for dette danningsperspektivet.

Ei av hovudproblemstillingane i begge desse to kapitla slik eg ser det er omgrepet danning, og sjølv om prefikset medie er sentralt i diskusjonen, handlar det i bunn og grunn om pedagogisk grunnsyn: synet på eleven (mennesket generelt), synet på kunnskap, synet på læring. Grovt oppsummert har begge forfattarane eit positivt elevsyn og eit konstruktivistisk læringssyn. Gunn Imsen oppsummerer dette perspektivet på mediedanning i si bok, Elevens verden:

Fra å se på elevene som sårbare ofre for den ukontrollerbare mediepåvirkningen, har perspektivet skiftet til å se elevene som aktivte konstruktører av sin egen kunnskap, og hvor medieerfaringene utenfra kan være en viktig ressurs for skolen.
(2005, s. 124)

Imsen hevdar at perspektivet har skifta allereie i 2005, medan forfattarane av dei to nemnde artiklane argumenterer sterkt for at det er dit vi må kome, fem år seinare. Mi personlege erfaring er at skulen som institusjon har ein lang veg å gå, og at fleire av dei som har vekse opp, utdanna seg og fungert som pedagogar i ei tid då meir mediefiendtlege haldningar har regjert, har store problem med å endre grunnhaldning, også til nye, digitale medie. Men kanskje er det haldninga til elevar og læring som er utfordringa?

Det er difor særleg interessant å lese Østerud sin kritikk av utdanningspolitikk generelt, og læreplanar spesielt. Han hevdar at 90-talsreforma hadde eit lite gjennomtenkt forhold til teknologien, medan K06 har eit lite gjennomtenkt forhold til kompetanseomgrepet. Østerud ser på sosiokulturell teori som ei mogleg løysing for å "gripe forholdet mellom oss selv, teknologien og verden" (Vettenranta, 2010, s. 45). Vidare blir den russiske psykologen Lev Vygotsky kredidert for mellom anna omgrepet mediering i samband med dette løysingsforslaget. Noko forenkla kan ein seie at læringsprosessar skjer gjennom samspel mellom personar i situasjonsspesifikke omgjevnader, der omgjevnadane blir mediert gjennom dei kulturelle redskapane som er tilgjengelege. Østerud illusterer dette med medieringstriangelet, gjengitt nedanfor:

Subjektet står både i ein direkte relasjon til objektet (samspel) i tillegg til ein indirekte relasjon gjennom artefaktet (kulturelle redskapar). For meir om sosiokulturell læringsteori kan allereie nemnde Imsen og Elevens verden vere nyttig lesestoff (s. 251 og utover).

Eg må innrømme at til trass for at eg er langt inne i lærarutdanninga, og etter kvart har mange års erfaring som lærar, er det utfordrande å gå tak på nokre av dei meir teoretiske, nærmast filosofiske tilnærmingane til mediedanning i desse kapitla. Det er difor til stor hjelp at forfattarane sjølve "landar" nokre av desse tankane i meir daglegdags språkdrakt. Østerud oppsummerer mellom anna slik:

Et dannelsesprogram for vår egen tid vil derfor verken kunne peke på spesielle kunnskaper som særlige viktige for de unges evne til å møte dagens utfordringer, eller spesielle ferdigheter som nødvendige for å komme seg videre i livet. De unge vil snarere måtte mobilisere flere ressurser for å takle utfordringene, etter hvert som de blir konfrontert med dem (s. 51).

Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å finne lærarrolla i ein slik konklusjon, noko Østerud i liten grad kommenterer i sin artikkel. Då kan det vere greitt å bla tilbake til det Vettenranta sjølv skriv i kapittel 1: "Men De unge greier seg ikke i hverdagen uten støtte og beskyttelse, grenser eller kjærlighet" (Suoranta 2001 i Vettenranta, 2010, s. 26). Heilt konkret skal denne haldninga til- og omtanken for elevar resultere i ein mediekompetanse både "... for å forstå den flerkulturelle verden globalt og som en forutsetning for å delta i demokratiske prosesser som aktører i fellesskapet lokalt" (s. 31).

Ambisjonane for oss som DKL-studentar bør ikkje vere lågare...


Kjelder

Imsen, G. (2005). Elevens verden - Innføring i pedagogisk psykologi. Universitetsforlaget

Vettenranta, S. (red.). (2007). Mediedanning og mediepedagogikk: Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Gyldendal Norsk Forlag AS


Bilde

Title: Radio room Creator: Adolph B. Rice Studio Date: February 9, 1960 Identifier: Rice Collection 2701A Format: 1 negative, safety film, 4 x 5 in. Rights Info: No known restrictions on publication. Repository: Library of Virginia, Prints and Photographs, 800 E. Broad St., Richmond, VA, 23219, USA,digitool1.lva.lib.va.us:8881/R
Web address:
http://farm4.static.flickr.com/3204/2899347850_2e88aeddc2.jpg