Eitt element er dette med registrering, deling, publisering, poeng (xp) osv. Kva meiner eg med det? Ta til dømes http://www.xtranormal.com/. Utvilsamt spanande og gøy, og med stort potensiale til å dekke læringsmål, særleg i engelsk fordjuping. Men: korleis skal ein ta omsyn til poengjaget det blir lagt opp til? Skal ein tillate kopling til facebook eller andre sosiale medier? Skal ein tillate popularitetskonkurransar? Og viss svaret er nei, korleis løyser ein dette reint praktisk? Eg har i min praksis brukt eit linande verktøy - Go!Animate. Vel verd å sjekke ut. Mange av dei same moglegheitene og utfordringane, men kanskje meir brukarvenleg for yngre elevar?
Til slutt må eg få lov å takke DKL-seksjonen for svært nyttige innspel og inspirasjon inn mot komposisjonsdelen av musikkfaget. Eg har fagansvar i nettopp musikk og har leita etter gode måtar å dekke opp læringsmål i (digital) komposisjon. Eg trur ACID blir i tøffaste laget for yngre elevar, også dei fleste 8. klassingar, men Myna er verkeleg spanande! Justering av årsplan i musikk er aldri for seint?
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettVi har sett mål av oss om kome med/formidle "matnyttig" stoff i ein skulekvardag - kjekt å sjå at vi lukkast med det;-)
SvarSlett