
I den første leksjonen om avisproduksjon er det mellom anna fokus på ulike sjangrar. To av desse er nyheitsartikkelen og feature.
Nyheitsartikkel
- omvendt pyramide: viktigaste først, mindre viktig til slutt
- kort overskrift
- ingress - kort oppsummering av saka - skal svare nokre av dei sju hjelpespørsmåla:
- kven
- kva
- kor
- korleis
- kvifor
- når
- med kva konsekvens
- objektivitet er eit ideal
- bilde i nyheitsartikkel:
- bør gi svar på nokre av hjelpespørsmåla ovanfor
Eg har funne ein nyheitsartikkel som i stor grad eksemplifiserer sjangertrekka over. Artikkelen er publisert av VG-nett 18. februar og omhandlar kokainsmuglarsaka frå Bolivia som involverer tre unge, norske kvinner. For å lese artikkelen kan du klikke her.
Feature
- ...tyder preg eller særmerkje
- fri sjanger
- kan underhalde eller vere sakleg og nøktern
- grensene mellom ulike featuresjangrar er flytande:
- featurereportasje
- portrettintervju
- temaartikkel
- featurebilde bør ikkje fortelje det same som teksten: kreativ tilnærming!
Det skortar ikkje på humor i denne featuren henta frå BT om "Trynene på byen."
Nett vs. papir
Det er enkelt å seie "ja, takk - begge deler," men sjølv om dette på mange måtar er ei i overkant diplomatisk tilnærming til problemstillinga, er det like fullt eit gjennomtenkt og rasjonelt svar. For det første fordi begge variantar har sine unike styrker og svakheiter, for det andre fordi om ein tenkjer skuleavis og elevproduksjon vil ein kombinasjon av medier gje størst verdi i arbeidet med sjangeren avis.
Papiravisa er handfast, til å ta på, vri og vende og brette og tilpasse. Dette skal ikkje undervurderast i lesesamanheng. Ein kan argumentere for at liknande tilpassingar kan gjerast på skjerm, og med utviklinga av lesebrett og anna teknologi er vi langt på veg, men eg vil likevel hevde at papir framleis vinn tilpassingskrona, reint fysisk. Å navigere i ei papiravis er også enklare, mykje fordi det nettopp er ein fysisk prosess. For nokre menneskjer gir det kronologiske aspektet, det at gårsdagens avis kjem før dagens osb. ei støtte i leseopplevinga og prosesseringa av informasjon.
Ser vi på nettavisa må ein kanskje først av alt ta omsyn til at dette er eit konvergensprodukt (Dace, 2011). Kort fortalt: forskjellige medier har smelta saman i eitt medium. Nettavisa inneheld tekst, bilde, animasjonar, video og lyd, og for å konkurrere om lesaren/nettbrukaren si merksemd er nettavisa avhengig av å kombinere alle desse elementa. Vidare må både produsentar og konsumentar av nettaviser ta omsyn til kontinuerleg deadline - oppdateringar skjer etter kvart som nyheiter "tikkar inn." Sakene blir då først presentert som ei kort nyheitsmelding, og bygd ut etter kvart som fleire opplysningar kjem inn og/eller journalistane får tid til å arbeide med stoffet.
I DKL 104 har vi som gruppe produsert ei nettavis. I arbeidet med å lage digitalkvardag fekk vi mellom anna innsikt i korleis det er å vere på elevsida av ein slik produksjon. Eg trur at skal ein bruke nettavis som sjanger i skulen bør dette vere eit verktøy som takast i bruk over tid og som får utvikle seg i takt med elevane. Kortsiktige prosjekt vil skape meir frustrasjon enn glede, og i tillegg miste mange av dei mediespesifikke implikasjonane av denne tilnærminga.
Kjelder
DKL104 Avisproduksjon 1- Dace D. Ose- HVO våren 2011
DKL104 Avisproduksjon 2- Dace D. Ose- HVO våren 2011
Bilder
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar