torsdag 10. februar 2011

Mediedanning og mediepedagogikk


Eg har klare forventningar om at DKL104 skal gje praktisk kompetanse i spesifikk medieproduksjon: lyd, avis og video. Like fullt er eg smerteleg klar over at den praktiske kompetansen har liten verdi i lærargjerninga dersom dei mediedidaktiske aspekta ved dei ulike produksjonane ikkje blir ivaretatt. Slik sett dannar dei to første kapitla av Mediedanning og mediepedagogikk: Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft (Vettenranta red.) eit solid teoretisk grunnlag for dette danningsperspektivet.

Ei av hovudproblemstillingane i begge desse to kapitla slik eg ser det er omgrepet danning, og sjølv om prefikset medie er sentralt i diskusjonen, handlar det i bunn og grunn om pedagogisk grunnsyn: synet på eleven (mennesket generelt), synet på kunnskap, synet på læring. Grovt oppsummert har begge forfattarane eit positivt elevsyn og eit konstruktivistisk læringssyn. Gunn Imsen oppsummerer dette perspektivet på mediedanning i si bok, Elevens verden:

Fra å se på elevene som sårbare ofre for den ukontrollerbare mediepåvirkningen, har perspektivet skiftet til å se elevene som aktivte konstruktører av sin egen kunnskap, og hvor medieerfaringene utenfra kan være en viktig ressurs for skolen.
(2005, s. 124)

Imsen hevdar at perspektivet har skifta allereie i 2005, medan forfattarane av dei to nemnde artiklane argumenterer sterkt for at det er dit vi må kome, fem år seinare. Mi personlege erfaring er at skulen som institusjon har ein lang veg å gå, og at fleire av dei som har vekse opp, utdanna seg og fungert som pedagogar i ei tid då meir mediefiendtlege haldningar har regjert, har store problem med å endre grunnhaldning, også til nye, digitale medie. Men kanskje er det haldninga til elevar og læring som er utfordringa?

Det er difor særleg interessant å lese Østerud sin kritikk av utdanningspolitikk generelt, og læreplanar spesielt. Han hevdar at 90-talsreforma hadde eit lite gjennomtenkt forhold til teknologien, medan K06 har eit lite gjennomtenkt forhold til kompetanseomgrepet. Østerud ser på sosiokulturell teori som ei mogleg løysing for å "gripe forholdet mellom oss selv, teknologien og verden" (Vettenranta, 2010, s. 45). Vidare blir den russiske psykologen Lev Vygotsky kredidert for mellom anna omgrepet mediering i samband med dette løysingsforslaget. Noko forenkla kan ein seie at læringsprosessar skjer gjennom samspel mellom personar i situasjonsspesifikke omgjevnader, der omgjevnadane blir mediert gjennom dei kulturelle redskapane som er tilgjengelege. Østerud illusterer dette med medieringstriangelet, gjengitt nedanfor:

Subjektet står både i ein direkte relasjon til objektet (samspel) i tillegg til ein indirekte relasjon gjennom artefaktet (kulturelle redskapar). For meir om sosiokulturell læringsteori kan allereie nemnde Imsen og Elevens verden vere nyttig lesestoff (s. 251 og utover).

Eg må innrømme at til trass for at eg er langt inne i lærarutdanninga, og etter kvart har mange års erfaring som lærar, er det utfordrande å gå tak på nokre av dei meir teoretiske, nærmast filosofiske tilnærmingane til mediedanning i desse kapitla. Det er difor til stor hjelp at forfattarane sjølve "landar" nokre av desse tankane i meir daglegdags språkdrakt. Østerud oppsummerer mellom anna slik:

Et dannelsesprogram for vår egen tid vil derfor verken kunne peke på spesielle kunnskaper som særlige viktige for de unges evne til å møte dagens utfordringer, eller spesielle ferdigheter som nødvendige for å komme seg videre i livet. De unge vil snarere måtte mobilisere flere ressurser for å takle utfordringene, etter hvert som de blir konfrontert med dem (s. 51).

Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å finne lærarrolla i ein slik konklusjon, noko Østerud i liten grad kommenterer i sin artikkel. Då kan det vere greitt å bla tilbake til det Vettenranta sjølv skriv i kapittel 1: "Men De unge greier seg ikke i hverdagen uten støtte og beskyttelse, grenser eller kjærlighet" (Suoranta 2001 i Vettenranta, 2010, s. 26). Heilt konkret skal denne haldninga til- og omtanken for elevar resultere i ein mediekompetanse både "... for å forstå den flerkulturelle verden globalt og som en forutsetning for å delta i demokratiske prosesser som aktører i fellesskapet lokalt" (s. 31).

Ambisjonane for oss som DKL-studentar bør ikkje vere lågare...


Kjelder

Imsen, G. (2005). Elevens verden - Innføring i pedagogisk psykologi. Universitetsforlaget

Vettenranta, S. (red.). (2007). Mediedanning og mediepedagogikk: Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Gyldendal Norsk Forlag AS


Bilde

Title: Radio room Creator: Adolph B. Rice Studio Date: February 9, 1960 Identifier: Rice Collection 2701A Format: 1 negative, safety film, 4 x 5 in. Rights Info: No known restrictions on publication. Repository: Library of Virginia, Prints and Photographs, 800 E. Broad St., Richmond, VA, 23219, USA,digitool1.lva.lib.va.us:8881/R
Web address:
http://farm4.static.flickr.com/3204/2899347850_2e88aeddc2.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar