torsdag 21. april 2011

Snurr film!

Inga oppgåve er for stor for den som har nok pågangsmot. Det illustrerer bilde over på ein god måte, og inspirasjonen som ekornet gir kjem godt med i dette blogginnlegget.

Video er utfordrande. Det er svært mange prosessar som kjem både før, under og etter sjølve innspelinga av film, eller råmateriale om ein vil. Nokre av desse prosessane blir vi utfordra til å gjennomføre i Videoproduksjon leksjon 1, medan sluttføringa av prosjektet er omhandla i leksjon 2. I dette innlegget vil eg:
  1. Utarbeide ein grunnide til ein film på ca. 3 min ved hjelp av ein ideskapingsteknikk
  2. Utarbeide grunnideen til eit manus, for så å sette opp manuset på korrekt vis
  3. Utarbeide eit storyboard på grunnlag av manuset der eg nyttar ulike typar utsnitt, både totalbilete og nærbilete
  4. Utarbeide ein mogleg opptaksplan for storyboardet
1. Ideskapingsteknikk

Det fins ulike måtar å få kreativiteten i sving på. To av desse er omhandla i leksjon 1: slumpordteknikken og byggje vidare på eit anna produkt. Eg har valgt å nytte slumpordteknikken, nærmare bestemt Creativity Tools - Random Word Generator (Plus). Eg vel tre tilfeldige ord, oversett til norsk og lar fantasien ta over: flaw, vacation, newspaper - feil/mangel, ferie, avis.

Umiddelbart blir eg dradd til mitt eige liv og DKL-studiet. Denne ferien (påske) er "flawed" - den har klare manglar og feil - mellom anna fordi eg sit og vurderer aviser med tanke på blogginnlegg. Og då har eg ideen. Eg tar utgangspunkt i at hovudpersonen (HP) ser på kalenderen og gler seg til ferie, gjerne påske. Han drøymer om hytte og ski. Så dukker det ein huskelapp opp på skjermen: arbeidskravet blogg har frist like over påske! Krise! HP riv seg i håret, vandrar kvilelaust rundt i rommet. Så tar han seg saman, leitar fram pensumbøker og sett i gong med arbeidet. Vips - x antal timar seinare er han ferdig og kan finne fram skia likevel.

Håplaus ide? Absolutt. Tid eller evner til å finne på noko betre? Neppe...

2. Manus

Ndg. manus så har eg lasta ned og prøvd Celtx - i samband med videosamlinga - men eg føler at det er mykje jobb å sette seg inn i eit slikt program for så korte prosjekt som vi har i DKL, og dermed i skulen. Eit anna aspekt er samskrivinga i Google dokument som vi har blitt "avhengig" av, og som kan vere til stor hjelp også i manusproduksjon i grupper. Så i dette tilfellet lagar eg manuset i Word, lagrar det som pdf og publiserer det opent i Google dokument. Deretter kjem lenka til det ferdige manuset her.

3. Storyboard

Eg har nytta vedlegg til leksjon 1 - ein mal frå MID115. Teikningane er gjort for hand, deretter er dokumenta skanna til pdf og lasta opp til Google dokument. Storyboard finn du her. Det trente auge - eller kven som helst som er nok interessert til å faktisk lese vidare - vil sjå at storyboardet ikkje er ferdig. Men to sider med teikningar får halde som illustrasjon.

4. Opptaksplan

To ting som ikkje bør overraske. For det første kan du sjå opptaksplanen ved å klikke her - pdf lasta opp i Google dokument. For det andre er ikkje opptaksplanen heilt ferdig. Dvs. den er fylt ut etter beste evne, men realismen i prosjektet er dalande.


Produkt

Den som har følgd med i timen skjønnar for lengst at det ikkje blir nokon Holiday Delay starring Aksel Hennie. Det tyder derimot ikkje at underteikna ikkje skal publisere video. På vår videosamling kom medstudent Kim-Daniel Vattøy mykje betre budd enn dei fleste andre. Så når vi hadde avslutta opptak for dagen foreslo han at vi kunne filme manuset han hadde utarbeidd. Eg er ikkje den som seier oftast "nei" og vips var eg Kamomille(?) i eit drama. Råopptaka delte Kim-Daniel med meg og resten av gruppe 2 i Dropbox-foldaren vår. Desse råopptaka er det eg har nytta når eg har redigert videosnutten under ved hjep av VideoPad. Musikken er henta frå ccMixter.org: "Rodeos of North Hollywood" av HEJ31.




For å sjå Kim-Daniel sin versjon av filmen kan du klikke her.

tirsdag 19. april 2011

Lydproduksjon - tilbakeblikk

Det er sjeldan lurt å gå imot direkte anmodningar frå førelesarar og/eller leksjonar. Når eg likevel nyttar påska til å jobbe fram bloggen som arbeidskrav, har eg forhåpentlegvis "retten" på mi side, sjølv om eg er fullstendig klar over at utbytte hadde vore større om eg hadde blogga undervegs. Det sagt - eg har jobba ein god del heile semesteret, men mappeoppgåver og arbeidskrav i både 102 og 104 har fått høgste prioritet, særleg gruppeoppgåver.

Alt dette skriv eg for å gje ei forklaring på kvifor lydproduksjon blir omhandla i retrospekt. Nokre av verktøya har eg vore innom gjennom arbeidskrava, andre verktøy har eg nytta i undervisning medan nokre få har eg ikkje leika med før no.

Korleis ein nyttar lyd i læringsarbeid er ei utfordring som står på dagsorden i min praksiskvardag. Eg har mellom anna ansvar for tilrettelegging og spesialundervisning, og det er ofte nødvendig å tenkje alternativt. Dømet eg vel å ta fram er henta frå ei tid tilbake då eg hadde ansvar for elevar på barnetrinnet ein annan stad i landet (enn der eg jobbar no). Ein av elevane hadde store utfordringar ndg leksearbeid. Eleven var ein svak lesar, og var difor avhengig av mor heime. Skulen si læringsplattform (LMS) var It's learning, så eg nytta difor opptaksverktøy i LMS til å lage lydfiler for denne eleven. I staden for å lese, fekk han lytte og lese. I staden for å spørje mor kva som stod på lekseplanen fekk eleven lydfiler som forklarte oppgåvene. Dette resulterte for det første i at eleven opplevde sjølvstende i samband med heimearbeid. For det andre vart fagstoffet tilgjengeleg til trass for problem med lesing.

Eg tar med eksempelet i førre avsnitt for å illustrere at det ikkje er verktøya det kjem an på. Innebygde innspelingsfunksjonar i læringsplattformer kan fungere like bra, for ikkje seie betre, enn t.d. Audacity. Samstundes skal det også seiast at til trass for at skulen hadde brukt plattforma i lang tid, og til trass for at det var andre elevar ved skulen med liknande utfordringar, var det ikkje andre som brukte lyd på same måte som underteikna. Klapp på eiga skulder? Ja, for såvidt, men refleksjonen er denne (og den er forsterka etter å ha lest leksjonar og pensumlitteratur): det er ikkje nok med verken teknologi, verktøyvirtuositet eller didaktisk nytenking. Berre i eit fruktbart samspel vil alle desse faktorane bidra til meirverdi i læringsarbeidet. Og det gjeld sjølvsagt ikkje berre lyd.

Lyd - verktøy

Men no er det lyd det handlar om. Det allereie nemnde Audacity er eit program vi vart kjende med i DKL101, omhandla med døme i dette blogginnlegget. Kort sagt fungerer Audacity både som innspeling- og redigeringsverktøy, og har dei fleste funksjonar som vil vere aktuelle for bruk i skulesamanheng. Brukargrensesnittet er funksjonelt, og terskelen for å kome i gong med å bruke programmet er lav. Ei av utfordringane eg har hatt når eg har nytta programmet med elevar er eksportering til mp3-format. Dette krev ei ekstra fil - lame_enc.dll - noko som har ført til litt krøll for ein del elevar.


Det har blitt mange Skype-møte i løpet av våren, både i DKL104, og i DKL102 der vi nytta arbeidsverktøyet for å arbeide fram gruppeoppgåva M2. I arbeidskrav 1 - lyd - var Skype sentralt både i planlegging og utføring. Vi gjorde mellom anna opptak til podkasten i Skype ved hjelp av Pamela recorder, men i denne prosessen var det ikkje underteikna som gjorde opptaka. For å høyre resultatet, ArbKrav1 (lyd) kan du klikke her. For dei som er interessert i ein leksikondefinisjon er Skype kort fortalt eit "system for telefoni over Internett (jfr. IP-telefoni) med en egen proprietær protokoll" (SNL). I lydleksjonen blir det i tillegg omtala både som eit IM (Instant Messaging)-program, og som sosial programvare.


Eg har sjølvsagt laga min eigen radiokanal ved hjelp av det omtala podbean. Fokuset har vore å vise verktøysmeistring, og eg har enno ikkje tatt det i bruk i lærargjerninga. For å vise at kanalen - dybh: podkasting som overleving : dkl 104 - har ein levande RSS-feed kan du gå til min offentlege RSS-lesar i Netvibes. Det kan vere verdt å merke seg at eit av "radioprogramma" omhandlar nettopp Pamela recorder!



Eit anna verktøy som ikkje er direkte knytt til lyd, men som har vore ein suksessfaktor i mykje av arbeidet denne våren, er Dropbox. Ein artikkel i wikipedia gir meir bakgrunnskunnskap og informasjon om tenesten, men kort sagt er dette fildeling på nett. Vi - gruppe 2, DKL104 - har oppretta og delt mappestrukturar og filer i Dropbox for å lette arbeidet med redigering og produksjon av t.d. podkast. Lagringsgrensa på 2 GB vart først ei utfordring i samband med videoproduksjon, men elles har denne tenesten fungert strålande for våre behov.


Kjelder

DKL104 Lydproduksjon 1- Kjell Antvort / Torbjørn Frantsen /Dace D. Ose - HVO våren 2011





Bilder



mandag 18. april 2011

All about the what?

http://www.allaboutexplorers.com/ er eit godt gjennomført konsept retta mot alle som brukar verdsveven til informasjoninnhenting. Kort fortalt innheld nettstaden mellom anna informasjon om oppdagarar. Noko av informasjonen er korrekt, det meste er sannsynleg, men mykje er direkte, og med overlegg, feil. Kvifor? Jau, for å vise elevane at det ikkje er alt på nettet som er sant!


Medietilsynet har eit opplegg kring denne nettstaden som det kan vere greitt å støtte seg til: http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/Larere/Ovelse/. Men sjølv om eg hentar inspirasjon derifrå så vel eg mi eiga vinkling. Eg trur nemleg at om dette skal nå heilt inn hjå elevane, så bør det skje på eit naturleg tidspunkt. Med det meiner eg at dersom emnet i samfunnsfag er kjende oppdagarar, eller kanskje til og med oppdaginga av Amerika, så er dette eit naturleg høve til å nytte nettstaden. Det blir viktig, som Medietilsynet påpeikar, å gje spesifikke oppgåver, og å oppgje allaboutexplorers som kjelde. Vidare blir det lettare å poengtere evt. feil dersom ein har kort frist på oppgåva og dersom det er ein form for framføring eller utveksling av informasjon mellom elevane. Kanskje er det nokon som skjønar teikninga?

mandag 11. april 2011

Informasjonsnav i skulen

Det er noko som plagar meg i samband med dette emnet, men eg klarar ikkje heilt å setje fingeren på det. Eg er ikkje den flittigaste eller grundigaste studenten i DKL102, heller ikkje den mest oppegåande. Det sagt har eg lest alle leksjonane og kome meg gjennom det meste av relevante utdrag frå pensumlitteraturen mtp RSS. Kva er så problemet? Jau, eg finn altfor få døme på bruk av RSS i læringssamanheng! Misforstå meg rett: eg har nærmast forelska meg i sjølve konseptet. Å opprette sitt personlege nav (må ikkje forvekslast med NAV) er til stor hjelp, både privat, som student og som lærar. Men å lage informasjonsnav til elevar? Straks verre! Og lettare blir det ikkje av at døma glimrar med sitt fråver i pensumlitteraturen. (Lesing av svenske og danske aviser i Norskboka.no blir for smalt)

Så klarte eg å setje fingeren på det likevel.

Eg har laga eit informasjonsnav i samband med M3 der eg får vist ein del av funksjonane i Netvibes. I min eigen kvardag som lærar har eg oppretta eit anna ope informasjonsnav, opprinneleg for å hjelpe elevar på 8.trinn å repetere til naturfagprøve. Ved hjelp av småprogrammet Web notes så er det oppretta klikkbare stikkord. Ved å klikke på stikkordet opnar definisjonen seg. Definisjonen er stort sett henta frå læreverket, men det er elevane som har henta ut informasjonen og så har underteikna kvalitetssikra både innhald og rettskriving før publisering.



Kjelder

Harboe, L. (2010). Norsboka.no - Digitale verktøy i norskfaget. Universitetsforlaget

torsdag 10. mars 2011

Informasjonskompetanse: Hole in the wall


Sjølv om øvingsoppgåva fokuserer på den praktiske øvinga omtrent fire minutt og tretti sekund ut i denne videoen vil eg anbefale alle med litt tid til overs å sjå heile klippet. Eg har ikkje følgt opp ved å undersøke om det er gjort meir empiriske studier enn det som intervjuobjektet - prof. Sugata Mitra - refererer til, men dei funna han har gjort er svært interessante.


For det første har han laga sokalla "Hole in the wall"-datamaskiner for fattige born i India (sjå illustrasjonen over, henta frå videoen). Her konkluderte han med at fattige born lærte seg å bruke datamaskin utan at det var vaksne eller andre til å rettleie. Litt av bakgrunnen til prosjektet var at Mitra forsøker å finne ei løysing på fleire utfordringar innan utdanning, mellom anna korleis ein kan undervise born i område der det ikkje er tilgong til lærarar.

Som sagt: videoen inneheld ein viktig sekvens for dette emnet, frå ein barneskule i Newcastle der elevane blir delt inn i grupper på fire og får ei utfordring frå læraren. Ei svært stor utfordring, må ein seie: "where does language come from?" Elevane har datamaskin med tilgong til verdsveven, kvarandre, skrivesaker og litt tid på seg før dei skal presentere for resten kva dei har kome fram til. Oppgåva utfordrar fleire delar av informasjonskompetansen til elevane, både når det gjeld å lokalisere, vurdere og anvende informasjon.

Det er min påstand at også læraren blir svært utfordra i denne situasjonen, fordi ein neppe kan seie at det fins eit fasitsvar på oppgåva, eller at alle forskarar/forskingsmiljø er einige om problemstillinga, kvar språket kjem frå. Potenstialet for læring er enormt, men for meg er dette ein svært uoversikteleg situasjon med tanke på kva sider av informasjonskompetansen ein skal øve på. Sagt på ein annan måte krev slike oppgåver at informasjonsinnhentarane har erfaring med slik tenking på førehand og/eller at det er nokon som følgjer dei tett i heile prosessen. "Hole in the wall"-datamaskinene viste kanskje at datateknisk kompetanse kan utviklast uavhengig av rettleiar, men eg tviler sterkt på at unge elevar vil utvikle kritisk sans på eiga hand.



Kjelder

fredag 4. mars 2011

Pedagogiske paradigmer og nettressursar

Eg har sett nærmare på tre nettressursar i lys av Koschmann sine kategoriar og Hutchings kube.

Koschmann har sett på ulike paradigmeskifte innan tenkinga kring elektroniske ressursar utvikla for pedagogisk bruk. Grovt sett kan desse skifta, eller kategoriane om ein vil, oppsummerast slik:


Tabellen er henta frå Koschmann (1996) og gjengitt i førelesing av Antwort 4.3.2011.

Hutchings pyramide (gjenskapt av Antwort i ovanfornemnde leksjon) ser slik ut:


Den første nettressursen er Lykkehjulet - ein del av Gyldendal si nettsatsing for matematikklæreverket Multi. Dette er klassisk behavioristisk programvare, og hamnar i paradigmet CAI (Computer Assisted Instruction). Du får ei oppgåve, du skriv inn eitt svar - viss du svarar rett får du stjerne, svarar du feil får du raudt lys Når det gjeld plassering i Hutchings kube er det bra med aktivitet, men lite kontroll og deltaking.

Den andre nettressursen som skal under lupa er XtraNormal. Der Lykkehjulet er uttalt matematikkfagleg er XtraNormal eit verktøy som kan nyttast i ulike læringsaktivitetar og for å dekke ulike fagspesifikke og generelle læringsmål. Om ein likevel skal forsøke å isolere programvaren er denne meir interaktiv og open. Du har ei rekkje byggeklossar tilgjengeleg og konstruerer ditt kreative uttrykk - ein animasjonsfilm. Slik sett kan ein plassere nettressursen under Logo-as-latin paradigme - kognitiv konstruktivisme. Det sagt så inneheld XtraNormal ein del delingsmoglegheiter som opnar for avgrensa samarbeid, eller i det minste responsgiving, men dette er ikkje nok til å kvalifisere som sosialkonstruktivisme ala Vygotsky. Når det gjeld Hutchings kube så er denne nettressursen potensielt sett plassert i det optimale hjørnet: høg grad av aktivitet, deltaking og kontroll.

Den siste, og einaste sjølvvalde, nettressursen som skal i elden er Pora Ora. Underteikna har skrive om dette spelet i ein pdf publisert på Fronter:
Pora Ora universet er ei samling av interaktive, tredimensjonale verdenar. Så langt er det berre Starlite City og Samurai World som er tilgjengelege, men både Roman World og Egyptian World er rett rundt hjørnet. Korleis spelet – for det må ein nesten kunne kalle det – fungerer ser ein kanskje best ved å ta ein kikk på denne demonstrasjonsvideoen.
Eitt av hovudpoenga som vart gjort av representantar frå Pora Ora på deira stand på BETT var sikkerheit og foreldrekontroll. Foreldre skal nemleg ha full oversikt over sitt eller sine born sine aktivitetar i Pora Ora, og ein kan berre registrere ein brukar ved å sende e-post til sine foreldre. Samstundes er det gode rapporteringsfunksjonar i sjølve spelet, men då er ein avhengig av at born som opplev noko ugreitt faktisk seier ifrå.
Om ein skal plassere Pora Ora i eit av Koschmann sine paradigmer så er det freistande å kalle dette samarbeidslæring eller CSCL (Computer-supported collaborative learning). Dette er derimot vanskeleg å forsvare sidan mesteparten av aktiviteten er individuell, og det handlar meir om sosial interaksjon enn samarbeid. Men at Pora Ora både er aktiviserande, innbyr til høg grad av deltaking og ikkje minst gir brukaren



Kjelder

Koschmann, Timothy. 1996, CSCL: Theory and Practice of an emerging Paradigm. Southern Illinois University, ISBN 080581246 [gjengitt i leksjon av Antwort 4.3.2011]

mandag 28. februar 2011

Google nettsteder


Min første tanke då vi vart introdusert for Google nettsteder var: kvifor brukar vi ikkje denne løysinga i staden for blogg? Utan å spørje førelesarar, medstudentar og heldigvis utan å måtte tenkje for lenge sjølv kom argumenta rekande på fjøl etter fjøl. Meir om det avslutningsvis.

For kva ER Google nettsted? Kort sagt er dette ein måte å lage heimesider på! PCMag.com gir ei grei oversikt, om du er interessert, les meir ved å klikke her. Eg har tidlegare laga personlege heimesider ved hjelp av enkel html-kode, og laga vel ei av dei første sidene ved hjelp av Angelfire for over ti år sidan. I jobbsamanheng har eg brukt ein del ulike løysingar, mellom anna Godøy skule sine nettsider, utvikla lokalt av mellom anna Stian Godø.

I samband med M2 var det medstudent Simon Gjøen som stod for mesteparten av utviklingsarbeidet av ei side oppretta for eit scenario som omhandla lokale bedrifter. Denne sida eksemplifiserar korleis ein nettstad kan utviklast for både å inspirere, fasilitere og dokumentere læringsarbeid.

For å vise at eg meistrer det reint tekniske på eiga hand har eg oppretta ein Google nettstad for dette blogginnlegget. Denne kan du sjå ved å klikke her.


Kjelder




PCMag.com (2008). Google sites. Tilgjengeleg frå: http://www.pcmag.com/article2/0,2817,2317332,00.asp [Lasta ned 18.04.11.]

fredag 25. februar 2011

In the News


I den første leksjonen om avisproduksjon er det mellom anna fokus på ulike sjangrar. To av desse er nyheitsartikkelen og feature.

Nyheitsartikkel
  • omvendt pyramide: viktigaste først, mindre viktig til slutt
  • kort overskrift
  • ingress - kort oppsummering av saka - skal svare nokre av dei sju hjelpespørsmåla:
    • kven
    • kva
    • kor
    • korleis
    • kvifor
    • når
    • med kva konsekvens
  • objektivitet er eit ideal
  • bilde i nyheitsartikkel:
    • bør gi svar på nokre av hjelpespørsmåla ovanfor
Eg har funne ein nyheitsartikkel som i stor grad eksemplifiserer sjangertrekka over. Artikkelen er publisert av VG-nett 18. februar og omhandlar kokainsmuglarsaka frå Bolivia som involverer tre unge, norske kvinner. For å lese artikkelen kan du klikke her.

Feature
  • ...tyder preg eller særmerkje
  • fri sjanger
  • kan underhalde eller vere sakleg og nøktern
  • grensene mellom ulike featuresjangrar er flytande:
    • featurereportasje
    • portrettintervju
    • temaartikkel
  • featurebilde bør ikkje fortelje det same som teksten: kreativ tilnærming!
Det skortar ikkje på humor i denne featuren henta frå BT om "Trynene på byen."


Nett vs. papir

Det er enkelt å seie "ja, takk - begge deler," men sjølv om dette på mange måtar er ei i overkant diplomatisk tilnærming til problemstillinga, er det like fullt eit gjennomtenkt og rasjonelt svar. For det første fordi begge variantar har sine unike styrker og svakheiter, for det andre fordi om ein tenkjer skuleavis og elevproduksjon vil ein kombinasjon av medier gje størst verdi i arbeidet med sjangeren avis.

Papiravisa er handfast, til å ta på, vri og vende og brette og tilpasse. Dette skal ikkje undervurderast i lesesamanheng. Ein kan argumentere for at liknande tilpassingar kan gjerast på skjerm, og med utviklinga av lesebrett og anna teknologi er vi langt på veg, men eg vil likevel hevde at papir framleis vinn tilpassingskrona, reint fysisk. Å navigere i ei papiravis er også enklare, mykje fordi det nettopp er ein fysisk prosess. For nokre menneskjer gir det kronologiske aspektet, det at gårsdagens avis kjem før dagens osb. ei støtte i leseopplevinga og prosesseringa av informasjon.

Ser vi på nettavisa må ein kanskje først av alt ta omsyn til at dette er eit konvergensprodukt (Dace, 2011). Kort fortalt: forskjellige medier har smelta saman i eitt medium. Nettavisa inneheld tekst, bilde, animasjonar, video og lyd, og for å konkurrere om lesaren/nettbrukaren si merksemd er nettavisa avhengig av å kombinere alle desse elementa. Vidare må både produsentar og konsumentar av nettaviser ta omsyn til kontinuerleg deadline - oppdateringar skjer etter kvart som nyheiter "tikkar inn." Sakene blir då først presentert som ei kort nyheitsmelding, og bygd ut etter kvart som fleire opplysningar kjem inn og/eller journalistane får tid til å arbeide med stoffet.

I DKL 104 har vi som gruppe produsert ei nettavis. I arbeidet med å lage digitalkvardag fekk vi mellom anna innsikt i korleis det er å vere på elevsida av ein slik produksjon. Eg trur at skal ein bruke nettavis som sjanger i skulen bør dette vere eit verktøy som takast i bruk over tid og som får utvikle seg i takt med elevane. Kortsiktige prosjekt vil skape meir frustrasjon enn glede, og i tillegg miste mange av dei mediespesifikke implikasjonane av denne tilnærminga.


Kjelder

DKL104 Avisproduksjon 1- Dace D. Ose- HVO våren 2011

DKL104 Avisproduksjon 2- Dace D. Ose- HVO våren 2011


Bilder

torsdag 24. februar 2011

Ungdom og media

Det er kanskje lettvint å gå rett til forfattaren sine konklusjonar kring ungdom sin bruk av medier og teknologi, men for å støtte seg til eit kjent utsegn frå medieverda, nærmare bestemt reklamen: "det enkle er ofte det beste." Og kanskje er det litt slik forfattaren har tenkt når ho nyttar tre punkt for å oppsummere:

1. Affekt

Den kjenslemessige komponenten i omgangen med medier og teknologi skal ikkje undervurderast. I følgje forfattaren handlar ikkje dette berre om å flykte frå virkeligheita, men snarare å oppsøke og leve ut større kjensler i oppskalerte "virkeligheiter."

2. Estetikk

Intensiteten og omfanget av sanselege opplevingar knytt til teknologi og medier er overveldande: lys, farger, former, rørsler, rytme og lyd. Forfattaren hevdar sogar at "sanselighet og affekt [blir] knyttet sammen som en fysisk erfaring hos mottakerne" (Tønnesen, 2007, s. 63).

3. Sosial handling og deltaking

Undersøkingar tyder på at unge vel mediefavorittar som gir sosial presitisje i deira lokale ungdomsmiljø. Vidare tyder mykje på at dess meir som blir investert kjenslemessig, dess sterkare blir fellesskapet mellom dei som deler medieopplevingane. Når dette koplast til virtuelle fellesskap på nett står vi kanskje ovanfor den første ungdomsrevolusjonen sidan rock'n roll på 50-talet. Det siste er mine ord, men ein ting er sikkert: samansmeltinga av lokal og global ungdomskultur gjennom bruk av teknologi vil få konsekvensar for alle.


Kjelder

Tønnese, E.S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge. Universitetsforlaget

Foto: Vachon, John,, 1914-1975,, photographer. Rural school girl, San Augustine County, Texas. Rights Info: No known restrictions on publication. Repository: Library of Congress, Prints and Photographs Division, Washington, D.C. 20540 USA,hdl.loc.gov/loc.pnp/pp.print

søndag 20. februar 2011

Digitale verktøy og tilpassa opplæring

Korleis kan IKT vere ein ressurs i tilpassa opplæring? Moglegheitene er nærmast uendelege, fallgruvene like mange. Mi erfaring er at det som avgjer kor vidt ein lukkast (med bruk av IKT) i tilpassa opplæring er læringssyn eller elevsyn, relasjon mellom lærar og elev (føresette) og klasseleiing. Desse elementa dannar nødvendigvis bakteppe for korleis ein tilnærmar seg digitale verktøy i skulekvardagen. Behaviorisme vs. konstruktivisme, sosiokulturelt perspektiv vs. kognitivt perspektiv osv. Det er sjeldan ein snakkar om anten eller, men kor ein ligg i spenningsfeltet mellom desse perspektiva har mykje å seie for kva slags digitale verktøy som blir tatt i bruk. Er det tryggast å bruke programvare som gir rask tilbakemelding på rett eller galt eller vågar vi å kople elevane saman, anten med kvarandre eller med utvalde delar av den store verda? Og om vi vågar å ta spranget, maktar vi å leie elevane på ein måte som gjer at dei ikkje blir pakka inn i vatt, men heller ikkje brent?

Kva fungerer (nærmast) alltid i min kvardag? Bruk av LMS til oppretting av digitale mapper gir mange moglegheiter, mellom anna noko så enkelt som at ingen kan miste kladdeboka si i norsk. Utfordringane blir å organisere all informasjonen på ein føremålstenleg måte, slik at den digitale mappa blir eit læringsverktøy i seg sjølv i form av repetisjon og refleksjon over eiga utvikling.

Samansette tekster

Som lærar på ungdomstrinnet står eg midt i dei problemstillingane som blir tatt opp i denne leksjonen dagleg. Når skal ein bruke digitale verktøy, kva læringsmål blir dekt opp? Kanskje tilsvarande viktig: på kva måte kan ein utnytte arbeidet med i utgangspunktet "isolerte" verktøy til å auke elevane sitt medvit rundt digitalt arbeid generelt, og på den måten påverke deira digitale danning?

Eitt element er dette med registrering, deling, publisering, poeng (xp) osv. Kva meiner eg med det? Ta til dømes http://www.xtranormal.com/. Utvilsamt spanande og gøy, og med stort potensiale til å dekke læringsmål, særleg i engelsk fordjuping. Men: korleis skal ein ta omsyn til poengjaget det blir lagt opp til? Skal ein tillate kopling til facebook eller andre sosiale medier? Skal ein tillate popularitetskonkurransar? Og viss svaret er nei, korleis løyser ein dette reint praktisk? Eg har i min praksis brukt eit linande verktøy - Go!Animate. Vel verd å sjekke ut. Mange av dei same moglegheitene og utfordringane, men kanskje meir brukarvenleg for yngre elevar?

Til slutt må eg få lov å takke DKL-seksjonen for svært nyttige innspel og inspirasjon inn mot komposisjonsdelen av musikkfaget. Eg har fagansvar i nettopp musikk og har leita etter gode måtar å dekke opp læringsmål i (digital) komposisjon. Eg trur ACID blir i tøffaste laget for yngre elevar, også dei fleste 8. klassingar, men Myna er verkeleg spanande! Justering av årsplan i musikk er aldri for seint?

tirsdag 15. februar 2011

(web)Design

I leksjonen om design var det mykje å ta tak i. Form og farge har aldri vore mine sterkaste sider, men til trass for at dette er viktige aspekt ved webdesign er det andre, viktige kriterier som dannar bakteppe for dette innlegget. Eg har vurdert 3 nettstadar med tanke på følgjande 3 kriterier:

1) Struktur (brødsmular)
Dette er korleis nettstaden er bygd opp, og kor vidt navigering er støtta av "brødsmular" som gjer at du veit kor du er i nettstaden til ei kvar tid.

2) Skrifttype
Er følgjande "reglar" for leselegheit følgde:
  1. Bruk store typar
  2. Unngå skygger i tekst
  3. 1 - 2 skrifttypar
  4. Unngå heile ord i versalar
  5. Unngå overskrifter med berre store bokstavar
3) Bruk av lenkjer
Er det lenkjer inne i teksten, eller er det lagt inn lenkjer etter sjølve teksten?



1) Hovudnavigasjonen på denne sida ligg i ein sentrert meny som er ein del av sidelogoen. Det fins ingen brødsmular som fortel kva for ein del av sidene du er inne på, og det virkar litt tilfeldig kva for nokre lenker som er "eksterne" - opnast i ny fane eller vindu - og kva for nokre som er lenker til sider i sjølve heimesidestrukturen.

2) Det er umogleg å ikkje henge seg opp i at overskrifta er ein orddelingsfeil: Kortfilm festival. Og det går faktisk nedover frå der og ut. Det er brukt svært mange teksttypar og fleire av typane er små og vanskeleg å lese.

3) Det fins ingen klikkbare lenker inne i teksten. Dessverre kan du heller ikkje merke noko av teksten og få den opplest ved hjelp av talesyntese. Alt er i flash!

Konklusjon: grusom! Denne heimesida er heldigvis forlatt for lenge sidan...



1) Navigeringsstrukturen er bygd opp etter eit prinsipp der menyen ligg sentrert og midt eller høgt på sida. Lenker til ulike sider er i form av bilder som blir lysare ved at musepeikaren går over dei. Det fins brødsmular i form av sideoverskrifter, noko som fungerar godt sidan sjølve sidestrukturen er enkel, og det er også ein ekstra navigeringsmeny heilt nede på sidene som også kan sjåast på som ein slags brødsmule. Problemet er at du må heilt ned på sida for å sjå den!

2) Når det gjeld skrifttypar, storleik osv. så er det gjort forsøk på å ta omsyn for web-bruk, men dei kjem ikkje heilt i mål. Fonten Georgia er nytta som brødtekst, men den er svært liten, og det er utstrakt bruk av lange avsnitt og litt pusterom for lesaren. I tillegg syndast det ein del mot tommelfingerregelen om å unngå å bruke berre store bokstavar i overskrifter.

3) Det er svært lite bruk av lenkjer på denne nettstaden.

Konklusjon: informative sider med ok navigering. Mykje tekst på små flater og litt for utstrakt bruk av bilder som lenkjer.

Før eg går i gong med å vurdere nettstaden må eg seie noko om kva Building er, nemleg: "... the UK’s best-read, most established magazine in the construction industry.

1) Navigeringa er upåklageleg for ein nettstad som trass alt famnar om så mykje informasjon. Navigasjonsbanneren på toppen av sida gir deg informasjon om kvar du kan gå, og like under finn du brødsmulane som gjer at du skjøner kor du har hamna.

2) Bruken av skrifttypar ser ut til å vere godt gjennomtenkt. Det er mykje store typar og mykje luft i teksten. Eit lite minus er det at navigasjonsmenyen er i utelukkande store bokstavar.

3) Det er liten grad av lenker i sjølve teksten og noko bruk av lenkjer etter avsnitt.

Konklusjon: solid nettstad med tanke på design og utforming, særleg med tanke på målgruppa. Dette er kanskje ikkje dei mest spanande nettsidene ein kan finne på nett, men det er enorme mengder informsjon samla på ein effektiv og føremålsteneleg måte.


Kjelder

torsdag 10. februar 2011

Mediedanning og mediepedagogikk


Eg har klare forventningar om at DKL104 skal gje praktisk kompetanse i spesifikk medieproduksjon: lyd, avis og video. Like fullt er eg smerteleg klar over at den praktiske kompetansen har liten verdi i lærargjerninga dersom dei mediedidaktiske aspekta ved dei ulike produksjonane ikkje blir ivaretatt. Slik sett dannar dei to første kapitla av Mediedanning og mediepedagogikk: Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft (Vettenranta red.) eit solid teoretisk grunnlag for dette danningsperspektivet.

Ei av hovudproblemstillingane i begge desse to kapitla slik eg ser det er omgrepet danning, og sjølv om prefikset medie er sentralt i diskusjonen, handlar det i bunn og grunn om pedagogisk grunnsyn: synet på eleven (mennesket generelt), synet på kunnskap, synet på læring. Grovt oppsummert har begge forfattarane eit positivt elevsyn og eit konstruktivistisk læringssyn. Gunn Imsen oppsummerer dette perspektivet på mediedanning i si bok, Elevens verden:

Fra å se på elevene som sårbare ofre for den ukontrollerbare mediepåvirkningen, har perspektivet skiftet til å se elevene som aktivte konstruktører av sin egen kunnskap, og hvor medieerfaringene utenfra kan være en viktig ressurs for skolen.
(2005, s. 124)

Imsen hevdar at perspektivet har skifta allereie i 2005, medan forfattarane av dei to nemnde artiklane argumenterer sterkt for at det er dit vi må kome, fem år seinare. Mi personlege erfaring er at skulen som institusjon har ein lang veg å gå, og at fleire av dei som har vekse opp, utdanna seg og fungert som pedagogar i ei tid då meir mediefiendtlege haldningar har regjert, har store problem med å endre grunnhaldning, også til nye, digitale medie. Men kanskje er det haldninga til elevar og læring som er utfordringa?

Det er difor særleg interessant å lese Østerud sin kritikk av utdanningspolitikk generelt, og læreplanar spesielt. Han hevdar at 90-talsreforma hadde eit lite gjennomtenkt forhold til teknologien, medan K06 har eit lite gjennomtenkt forhold til kompetanseomgrepet. Østerud ser på sosiokulturell teori som ei mogleg løysing for å "gripe forholdet mellom oss selv, teknologien og verden" (Vettenranta, 2010, s. 45). Vidare blir den russiske psykologen Lev Vygotsky kredidert for mellom anna omgrepet mediering i samband med dette løysingsforslaget. Noko forenkla kan ein seie at læringsprosessar skjer gjennom samspel mellom personar i situasjonsspesifikke omgjevnader, der omgjevnadane blir mediert gjennom dei kulturelle redskapane som er tilgjengelege. Østerud illusterer dette med medieringstriangelet, gjengitt nedanfor:

Subjektet står både i ein direkte relasjon til objektet (samspel) i tillegg til ein indirekte relasjon gjennom artefaktet (kulturelle redskapar). For meir om sosiokulturell læringsteori kan allereie nemnde Imsen og Elevens verden vere nyttig lesestoff (s. 251 og utover).

Eg må innrømme at til trass for at eg er langt inne i lærarutdanninga, og etter kvart har mange års erfaring som lærar, er det utfordrande å gå tak på nokre av dei meir teoretiske, nærmast filosofiske tilnærmingane til mediedanning i desse kapitla. Det er difor til stor hjelp at forfattarane sjølve "landar" nokre av desse tankane i meir daglegdags språkdrakt. Østerud oppsummerer mellom anna slik:

Et dannelsesprogram for vår egen tid vil derfor verken kunne peke på spesielle kunnskaper som særlige viktige for de unges evne til å møte dagens utfordringer, eller spesielle ferdigheter som nødvendige for å komme seg videre i livet. De unge vil snarere måtte mobilisere flere ressurser for å takle utfordringene, etter hvert som de blir konfrontert med dem (s. 51).

Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å finne lærarrolla i ein slik konklusjon, noko Østerud i liten grad kommenterer i sin artikkel. Då kan det vere greitt å bla tilbake til det Vettenranta sjølv skriv i kapittel 1: "Men De unge greier seg ikke i hverdagen uten støtte og beskyttelse, grenser eller kjærlighet" (Suoranta 2001 i Vettenranta, 2010, s. 26). Heilt konkret skal denne haldninga til- og omtanken for elevar resultere i ein mediekompetanse både "... for å forstå den flerkulturelle verden globalt og som en forutsetning for å delta i demokratiske prosesser som aktører i fellesskapet lokalt" (s. 31).

Ambisjonane for oss som DKL-studentar bør ikkje vere lågare...


Kjelder

Imsen, G. (2005). Elevens verden - Innføring i pedagogisk psykologi. Universitetsforlaget

Vettenranta, S. (red.). (2007). Mediedanning og mediepedagogikk: Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Gyldendal Norsk Forlag AS


Bilde

Title: Radio room Creator: Adolph B. Rice Studio Date: February 9, 1960 Identifier: Rice Collection 2701A Format: 1 negative, safety film, 4 x 5 in. Rights Info: No known restrictions on publication. Repository: Library of Virginia, Prints and Photographs, 800 E. Broad St., Richmond, VA, 23219, USA,digitool1.lva.lib.va.us:8881/R
Web address:
http://farm4.static.flickr.com/3204/2899347850_2e88aeddc2.jpg

søndag 30. januar 2011

Prosjekt og produkt

Emneparaplyen digital kompetanse er om mogleg større enn den tilsynelatande evig-ekspanderande verdsveven. Den første avgrensinga inn mot ei problemstilling er difor å velge eit delemne, meir presist eit underemne innanfor delemnet digital danning, nemleg kjeldekritikk.

Målgruppeavgrensinga vil legge klare føringar for både innhald og presentasjon. Eg trur at dei aller minste elevane i stor grad vil vere for lite modne til å ta innover seg konsekvensane, samstundes som at dei eldste elevane kanskje har kome for langt i sine vaner og uvaner til at ein kan gjere grunnleggjande haldningsendringar utan situasjonsbestemte konsekvensar. Ser ein derimot på mellomtrinnselevar så er desse i startfasen ngd. arbeid med innhenting av større mengder informasjon, og det er her ein bør sette inn støtet.

Formålet må vere klart: å skape grunnleggjande haldningar til handtering av informasjon frå ulike kjelder - men i dette tilfellet elektroniske kjelder - som fører til ein gagnbar praksis der elevar tar ansvar for sin gjenbruk og reproduksjon av informasjon.

Sjangermessig er det fristande å foreslå videoproduksjon, med reklamefilmen sine dramatiske verkemiddel som bakteppe.

Kva er då problemstilling og produktmål?

Lag ein reklamefilm med mellomtrinnselevar som målgruppe som kan vere med på å bevisstgjere desse på bruken av kjelder på ein måte som gjer dei til kritiske (re)produsentar av digital informasjon.

Tenkeverktøy

Tenkeverktøy, og då i form av digitale tankekart, er noko eg gjerne kunne tenkt meg å bruke aktivt i eigen undervisningspraksis. Eg gjorde eit litt halvhjerta forsøk i fjor haust på å bruke Mindomo i samband med repetisjon til ei prøve i RLE, men eg vart litt "satt ut" av at gratisversjonen ikkje byr på meir enn seks tankekart før kontoen er full. Då kan ein sjølvsagt slette dei gamle, men litt av poenget forsvinn.

Det sagt, sjølve programmet eignar seg, som nettleksjonen dokumenterer, godt til mange bruksområde. Eg har difor gjort eit forsøk på å invitere gruppe 11 til å tenke høgt kring mappeoppgåve 1. Så blir det spanande å sjå kor vidt det blir ein suksess. Bildet til dette blogginlegget er for øvrig eksportert frå Mindomo til lokal datamaskin og lagra i gif-format. Deretter er det lasta opp til Blogger. For å følgje den reelle utviklinga kan du nytte lenka under:

http://www.mindomo.com/view.htm?m=57ac1e8787574a719555b15ab0907c19

søndag 23. januar 2011

Meld deg på og la det vandre

Eg er allereie medlem av Facebook og MySpace - med den obligatoriske innmeldinga i Del og bruk er kvota på tre ulike sosiale medier fylt.
Det er kanskje litt lettvint å henge seg på hovudargumentet for bruk av sosiale medier i skulen, i både leksjonsteksten og fleire av dei eksterne lenkene, nemleg at forsvarleg bruk av slik programvare nødvendigvis er ein essensiell del av elevar si digitale danning. Men eg trur at dette vil vere eit naturleg utgangspunkt, både for lærar og elev. "Alle" er på Facebook, men mange - både born og vaksne - opplev til tider utrivelege hendingar pga. eigen aller andre sin manglande forståing av konsekvensane av bruken av programvaren. Nokre gonger kan dette forklarast ved å sjå på det teknologiske aspektet - korleis informasjon spreier seg, korleis den blir lagra osv - men det er like tenkeleg at fråveret av generelle samspelsreglar har like stor betydning. Like fullt vil sosiale medier vere ein relevant treningssituasjon for begge aspekt - både den teknologispesifikke, men også den generelle samspelskomponenten som til saman vil utgjere ein del av elevar si digitale danning.